312
6
0
Fall på flatt tak med oppvarma rom under.
2,987
Vestlandet
0
Kor stort bør fallet vera?
Eg skal ha oppvarma vaskerom/bod under. 30cm isolert bjelkelag og 10cm lufting. Tak vert 22mm vannfast spon med dobbelt lag sveisa membran. Til slutt lekter og terassebord.
Eg har tenkt fall på 1:180 (5cm på 9meter), fordi det er enkelt å få til, samt at det ikkje vil byggja for mykje.
Vert dette for lite?
Las i ein tråd at Sintef anbefaler 1:100 for flate tak, utan at eg veit om det stemmer.

Signatur
1:100 fall vert litt verre å få til. Då får eg gå i tenkeboksen...
No har eg kjøpt inn 48x198, som eg skråskjærer frå 48 til 148, som øvste luftelekt. Då får eg fall på om lag 1:90. Det bør halda, for no er takkonstruksjonen oppe i 54 cm på det høgaste.
Håpar på å få montert sponplater og beslag i helga.
Bør membranen monterast langs fallretninga, eller på tvers av fallretninga med fall på 1:90?
Motsat vil jo sørgja for at skøyt overlappar kvarandre "nedover". Som jo er standard og trygg måte å gjera det på. Men membranen, som er 2 lag, byggjer om lag 7mm til saman. Vil det då vera betre å skøyta den langs fallretning slik at ein ikkje får 7mm kant/hump i fallretninga?