312    6    0  

Fall på flatt tak med oppvarma rom under.

 2,987     Vestlandet     0
Kor stort bør fallet vera? 

Eg skal ha oppvarma vaskerom/bod under. 30cm isolert bjelkelag og 10cm lufting. Tak vert 22mm vannfast spon med dobbelt lag sveisa membran. Til slutt lekter og terassebord. 

Eg har tenkt fall på 1:180 (5cm på 9meter), fordi det er enkelt å få til, samt at det ikkje vil byggja for mykje. 

Vert dette for lite? 

Las i ein tråd at Sintef anbefaler 1:100 for flate tak, utan at eg veit om det stemmer. 
Signatur

   #1
 15,577     0
Ikke noe under 1:100, gjerne litt mere.  Blir lett dam ved omlegg av skjøter på belegg ellers.  Når det er tarasse ville jeg benyttet en gummiduk istedenfor.  Hvis bredden ikke er stor nok så sveises dette ferdig før levering. Da er en sikker på at det er tett og du kan legge det selv.  
  (trådstarter)
   #2
 2,987     Vestlandet     0
Planen var i utgangspunktet ein slik EPDM duk, eller kva det heiter. Men det vart av ulike grunnar kjøpt inn ein eller ana membran som skal sveisast med varming frå propanbrennar. Eg er litt skeptisk, men svigerfar har garantert at det held.

1:100 fall vert litt verre å få til. Då får eg gå i tenkeboksen...
Signatur
   #3
 15,577     0
Det skal holde men en må vite / kunne hvor mye varme som må til.  Har slik på jobb og 3. byggetrinn gikk bra, på første byggetrinn slurvet de slik at de glemte noen steder,  2. byggetrinn var det ny type belegg som viste seg krever mye mere varme enn de var vant med.  På begge de to første byggetrinnene til sammen er det reparert flere enn 10 ganger tilsammen, noen reparsjoner må til 10-12 år etter.   Det er grunn til at jeg aldri skal løfte på terasse dekke for å reparere tak under samtidig er det veldig vanskelig å finne hvor en lekarsje kommer fra.  
  (trådstarter)
   #4
 2,987     Vestlandet     0
Eg får berre satsa på at svigerfar veit kva han gjer.

No har eg kjøpt inn 48x198, som eg skråskjærer frå 48 til 148, som øvste luftelekt. Då får eg fall på om lag 1:90. Det bør halda, for no er takkonstruksjonen oppe i 54 cm på det høgaste.
Signatur
  (trådstarter)
   #5
 2,987     Vestlandet     0
Skråkappa lekter for fall er montert. No gjenstår det kun å få desse lektene rett nivå i forhold til kvarandre. Det viste seg å vera store forskjellar. Det som såg beint ut, var ikkje beint.

Håpar på å få montert sponplater og beslag i helga.

Bør membranen monterast langs fallretninga, eller på tvers av fallretninga med fall på 1:90?
Motsat vil jo sørgja for at skøyt overlappar kvarandre "nedover". Som jo er standard og trygg måte å gjera det på. Men membranen, som er 2 lag, byggjer om lag 7mm til saman. Vil det då vera betre å skøyta den langs fallretning slik at ein ikkje får 7mm kant/hump i fallretninga?
Signatur
  (trådstarter)
   #6
 2,987     Vestlandet     0
Sponplater, beslag og første lag membran (langs fallretninga) er montert. Første lag membran var berre sånn nokonlunde. Eg hadde ikkje sove godt om nadda dersom dette var einaste lag. Håpar på eg får det betre til til helga, då lag 2 skal på.
Signatur