2,184    53    1  

Innspel til Planløysing og Fasader

 147     0

Har så smått begynt å planlegge bygging av hus og har derfor teikna eit forslag der fasaden er noko inspirert frå ein huskatalog.
Alle teikningane har eg laga sjølv. Fasader i SchetchUp og planteikninga i RoomSketcher. Eg har ikkje vore i kontakt med arkitekt/ingeniør eller byggefirma enda, så eg veit ikkje om alt lar seg gjera teknisk. 
Pr. no driv eg berre å eksperimenterar litt, og ynskjer difor også å få innspel frå dykk på forumet.

Kva meinar du skulle vore gjort annerledes?

Hovedetasje med kjøkken og stove ynskjer eg å ha i 2. etg, pga. utsikt mot sør, og for å koma over hindringar som kan øydeleggja utsikten.



Innspel til Planløysing og Fasader - Fasade mot nord og aust.png - ImzwInnspel til Planløysing og Fasader - Plan 1. etg..png - ImzwInnspel til Planløysing og Fasader - Plan 2. etg..png - Imzw

Link til prosjekt i RoomSketcher.

Tek imot alle innspel med takk! Smile

   #1
 5,111     Sørnorge     0
Det var mye forskjellige vinduer på nordveggen. Ser litt kaotisk ut.

På planløsningen synes jeg det virker litt merkelig at veien fra badet til vaskerommet går tvers over stua.
  (trådstarter)
   #2
 147     0
Takk for innspel! Smile
Ser det at nordveggen kan virke litt kaotisk med så forskjellige vindauge.
Kan muligens erstatte vindauget på sov 1 med dei samme som er på kjøkkenet og flytte dei slik at dei står rett under kvarandre. Då vil det bli to vindauge på 150. cm høgde ca over senga.
I tillegg kan vindauget på boden i 2. etg. flyttast ned på lik linje med kjøkenvindaugo.
Då vil det kanskje sjå noko rolegare ut... ??

Heilt korleis eg skal løysa vegen mellom bad og vaskerom nede er eg litt usikker på.
"Hovedstova" er jo i 2. etg., så den stova nede fungerer meir som ei "Kjellerstove", dersom det har noko å seia.

Tek gjerne imot innspel på korleis eg kan løysa dette, og eventuelt andre tankar om plan og fasade. Smile
   #3
 574     Akershus     1
Er usikker på trappa. Nå et trsppeoppløpet helt borte ved inngangsdøra. Blir fort en del rotete og sølete rett ved døra.
en mulighet er jo å snu den så den kommer litt mer inn i rommet, eller flytte den lenger inn i rommet og flytte bodplassering i annen etasje til høyre.
   #5
 5,111     Sørnorge     0
Enig med Monty om trappeflytting. Det gir også kortere vei og færre svinger når man går fra stue nede til stue oppe.
   #6
 5,111     Sørnorge     0
En annen ting er at du har bad "hengende" i friluft. Her er det nok stor fare for at rør i gulvet fryser om vinteren. Disse blir jo liggende under gulvvarmen.
  (trådstarter)
   #7
 147     0
Meinar dåke då at boden nede og trappa bytter plass?
Kan prøve meg litt fram på det.

Ser det no at trappeoppløpet havnar akkurat der som drit frå sko og slikt samlar seg.
Ikkje så kjekt å dra det med seg videre i huset når ein går opp/ned trappa...

Når det gjeld badet så er jo det eit godt poeng "petterg". Vanntilførsler kan eventuelt leggjast opp i veggar, eller ihvertfall så langt opp at dei kjem på lik linje som gulvvarmen.
Avløp frå toalett kjem såpass nærme ytterveggen under at den ikkje er like utsatt for frost. Men då er det avløp frå vask og dusj som kanskje kan bli eit problem...

Den saken må eg tenke litt på. Kom gjerne med innspel om korleis det kan ordnast.

   #8
 39     Mosjøen     0
Synes dette så bra ut men ville kanskje tenkt på å få alle ''nødvendige'' funksjoner på ett plan, altså kjøkken, bad og soverom. I hvertfall bygge slik at det lar seg endre med tiden.

Signatur
  (trådstarter)
   #9
 147     0
Takk for innspel! Smile

Slik eg ser det er det fleire muligheter til å få alt det nødvendige på eit plan.
I 2. etg. er det allerede kjøkken og bad, og kontoret kan lett brukast som soverom, eventuelt med ein liten utviding mot gangen. Einaste som manglar for å få det rullestolvenleg, er eventuelt heis eller annan tilkomst frå bakkenivå.

I 1. etg. er også alt det nødvendige, utanom kjøkken. Slik eg ser det er det mogleg å byggja sov. 3 om til kjøkken, då den ligg vegg i vegg med teknisk slik at det er kort veg til vatn og straum. Einaste ein då treng å gjera er å riva plater av nokre vegger og tak på teknisk rom.
   #10
 39     Mosjøen     0
Lurt😊 Lykke til videre👍🏻
Signatur