#11
 94     0
Likte godt endringane keal foreslår, kombinert med endringane av romma du har gjort. Då får du eit anstendig «master bedroom  som er litt adskilt frå dei andre soveromma (utan felles vegg og med ein gang imellom). I tillegg to greie barnesoverom. Kjellerstova på 8kvm er grei nok til Netflix/PlayStation for ungane og som eit kontor og kan fungera som eit fullverdig gjesterom. Hadde gått for denne sjølv.

Altså løysinga med "master" soverom nedst til venstre og kjellarstova øvst til høgre?  


Ja, den med kjellerstova i det minste rommet oppe til høgre.

Eg har sjølv eit ganske samanlignbart rom i kjellaren (men eg har alle soveromma på loftet), tippar det er ca 2,8x3,5 eller deromkring, i tillegg til eit lite vindu høgt på veggen. Der har eg stappa inn ein 65” TV (75 hadde gått) og ein sovesofa med 120 breidde (Flottebo - IKEA, veldig grei).
Nyttar rommet både til å oppbevara svigers på når dei er på besøk, til å sjå fotball/spela PlayStation og til å la 4-åringen sjå på Netflix. Veldig glad for det rommet sjølv om det ikkje er det største eller fjongaste (trekvitt panel frå 89, tok over bustaden i fjor).

   #12
 3,921     Asker     0
Dersom du har stue i rommet oppe til høyre, ville jeg satt inn skyvedør fremfor vanlig dør. Da får du litt mer luft, da dørene kan stå åpen deler av tiden.

Ville også flyttet dør til soverommet på 9,99, slik at man går rett inn. Da kan man sette pult nærmere vinduet, og velge om seng+nattbord er i «kroken og skap lenger ned eller omvendt.
Signatur
  (trådstarter)
   #13
 2,986     Vestlandet     0
Tips om skyvedør og flytting av dør er notert.

Legg ved nytt bilete
Planløysing - soverom i sokkeletasje - Endra soverom og kjellarstove 8.PNG - Komlo

Signatur
   #14
 24,752     Akershus     0
Enkelte ganger kan dører i 45 graders vinkel være gunstig. En kan få til å gå mer rett inn i rommet i stedet for flere 90 graders vendinger.
Om mulig bør en unngå dører som går ut i gang. En bør også tenke over om døra ev kan parkeres åpen.
Signatur
   #15
 3,589     0
Den knekte veggen mellom Sov 1 og Sov 2 (som er en god idé!) bringer fram minner om bardomsvenner som hadde køyesenger i hvert sitt rom: I det ene rommet var senga på toppen av en halvhøy hems, på det andre rommet i et halvhøyt innhuk, innunder hemsen. Vegger og golv i hemsen var tette; rommene var helt adskilte.

Antagelig er det ikke så aktuelt her - underetasjer har ofte lav takhøyde, og noen får klaustrofobi av køyesenger. Jeg nevner det likevel i forbifarten for andre som har lyst til å unytte kvadratmetere maksimalt, fortrinnsvis i etasjer med god takhøyde. Det fungerte godt for mine barndomsvenner.
   #16
 24,752     Akershus     0
Har vært borti lignende på hytte. Kan være litt utfordrende mhp lyd?

En annen variant er to køyesenger, men stilt i vinkel. Skap under den høyeste. Her får ikke den i første etasje like mye klaus og nerkøya egner seg bedre som ev gjesteseng/sofa. 
Signatur
   #17
 1,107     Trøndelag     0
Enkelte ganger kan dører i 45 graders vinkel være gunstig. En kan få til å gå mer rett inn i rommet i stedet for flere 90 graders vendinger.
Om mulig bør en unngå dører som går ut i gang. En bør også tenke over om døra ev kan parkeres åpen.

Ville vurdert å droppe dør til kjellerstua, og la dørene til soverom 1 og 2 være plassert i 45 graders vinkel.

  (trådstarter)
   #18
 2,986     Vestlandet     0
Dør frå foreldresoverom ut i gang er kanskje ikkje ideelt, men gangen vil vera særs lite i bruk.

Dør til kjellarstova kan nok droppast, men tenker det er greit å ha noko der for å få vera i fred og hindra noko støy. Med dør vil òg huset ha 4 soverom. Skyvedør kan vera ei god løysing.

45 grader vinkel på soveromsdørene har eg tenkt litt på, men eg har ikkje greidd å få det til på ein god måte då opninga i grunnmur/gang ikkje kjem midt mellom romma.

Ideen med innhuk for sengeetasjar er jo ein knallide,men går nok ikkje her. Ungane har 210x80 Hemnes senger frå IKEA, som skal nyttast på dei nye romma og. Desse kan trekkast ut til å verta 210x160 dobbelsenger.
Signatur
  (trådstarter)
   #19
 2,986     Vestlandet     1
No har eg i alle fall, etter mange gode innspel her, bestemt meg for å gå for 4 soverom, der det eine vert nytta som kjellarstova. Det vert nok ein variant av siste skisse (med noko endring på dører og slikt).
Signatur
  (trådstarter)
   #20
 2,986     Vestlandet     0
Hei igjen, godtfolk!

Etter mange gode tips og innspel eg fekk på soveromma, håpar eg no at eg og kan få innspel på den andre delen av sokkeletasjen, med bad, garderobe, vaskerom/teknisk og trapp


Planløysing - soverom i sokkeletasje - Teknisk del.PNG - Komlo

Måla er vert ca. (etter innlekta veggar) 285 cm breidd frå bærevegg til yttervegg. Bad, garderobe og trapperom får altså om lag 285cm breidd.
Badet er 210x285cm - Badekar 180x90, servant 140x50 og vegghengt toalett skjult i vegg på 53x59.
Garderobe er 230x285 cm - Ikea pax på 2 stk 160x60 med 100x60 mellom (hjørneløysing). 225x35 nedst.
Trappa som er teikna inn er 150x210 (totalt 510 utvendig (trur det er anbefalt)).
Vask7teknisk er 200x140 - Vask tørk stabla i høgd, vvberedar/varmepumpeinnerdel/fancy tank, ekstra fryseskap, sikringsskap, vannfordelingsskap, golvvarmefordelarskap.

Denne delen av kjellaren vert TRANG. Eg har då nokre spørsmål eg håpar forumet kan hjelpa meg med.

1) Bad - Dette vert hovudbadet for meg og ungane.
a) vert dette stort nok?
b) Vert 70cm mellom badekar og servant for trangt?
c) Bør badet utvidast på bekostning av halvvering av garderobe?
d) Kan romløysinga gjerast på ein betre måte? Kanskje viktigaste punkt. Ønska i utgangspunktet badekar og dusj, men får heller bita i det sure eplet og dusja i badekaret.

2) Garderobe
a) vert 110cm mellom skapa oppe nok? Ikkje ideelt, men "greit nok". Var hjå ein kamerat som har 3,25m lang garderobe med 130cm mellom skapa. Dette var "perfekt" og verka veldig rommeleg.
b) Er dei 35cm djupe Pax skapa brukande til klesoppbevaring, eller bør eg streba etter å få mest mogleg 60 skap?

3) vask/teknisk
a) får eg plass til alt dette i dette rommet? Eg må koma meg fram til vaskemaskina for klesvask. Tenkjer oppheng for klestørk i taket.
b) Bør eg hiva ut noko frå dette rommet? Eg KAN droppa ekstra fryseskap i kjellaren. Evt. plassera eit i garasjen. Eg kan plassera tank/VP innerdel i isolert garasje vegg i vegg med bad til venstre. Eg får då veldig langt royrstrekk (ca. 11m luftlinje + opp ein etasje for tappevatn til kjøkken, som er over kjellarstove.

4) Gang/adkomst/trapp
a) greier eg meg med ca. 80cm passasje (opning, ingen dør) mellom vaskerom og pipa vidare inn til sov1, 2 og kjellarstova? Dette tilsvarer vel nesten opninga i ei M9x21 dør.
b) kunne aller helst tenkt meg å riva Lecapipa, då den berre er i vegen. Men ny stålpipa frå etasjen over kostar jo nokon titals tusen og mykje arbeid. Er det verd det? Kan forøvrig leva fint utan pipa fram til renovering av etasjen over, men "føler" eg bør ha vedomn i huset.
c) Er treppemål på 150+210+150 ideelt mål her? Bør eg heller forsøkja meg på 140+210+160, 160+190+160 eller liknande?
d) Kor lita kan ei trapp mellom dei to einaste etasjane eg har vera og fortsat vera praktisk? Eg har kjellardør til å bera inn senger gjennom.


DET var mange spørsmål, men eg håpar på mange gode innspel, då eg fortsat har litt tid på meg viss eg ønskjer å endra noko.
Signatur