(trådstarter)
   #21
 2,984     Vestlandet     0
Moderator må gjerne endra tittelen på tråden, no som den har skifta fokus frå soverom til andre rom.
Signatur

  (trådstarter)
   #22
 2,984     Vestlandet     0
Ingen som har innspel på nokre, eller eit, av dei tolv spørsmåla mine?
Signatur
  (trådstarter)
   #23
 2,984     Vestlandet     0
Innspela på planløysinga er teke til rette og eg har laga opning i bereveggen og går for 4 separate soverom. Eg vurderer no løysinga for bad, garderobe, gang, trapp og vaskerom/teknisk. Her klipt ut frå tråden om kjellarutgravinga mi.

Eg TRUR eg har ombestemt meg nok ei gong når det gjeld planløysing og bruk av kjellaren, og trur løysinga eg hadde tenkt for om lag eit år sidan kan likavel vera den beste. Det viktigaste er heldigvis ikkje at det vert bra, men at det vert dyrt og aldri ferdig.


Opprinneleg plan utan endeleg møblering.
Planløysing - soverom i sokkeletasje -  - Komlo
Fordelar:
1.1) Får samla veldig mange rom/funksjonar/løysingar på relativt liten etasje.
1.2) Treng ikkje ta av "garasjen" og slepp dør på baderom

Ulemper:
1.3) Alt vert "litt for trangt".
1.4) Garderoben vert vanskeleg å innreia og det er snakk om cm og mm alle vegar om eg får inn Ikea Pax.
1.5) Badet (som vert hovudbadet) vert lite. Det treng sikkert ikkje vera større for å fungera, men det er ikkje akkurat noko spaavdeling.
1.6) Teknisk/vaskerom er absolutt i minste laget. Her må det inn vassfordelingsskap, stort sikringsskap, golvvarmeskap, tank/innedel varmepumpa, vaskemaskin og tørketrommel. Det vert ikkje mykje snuplass eller plass til klestørk. Eg veit ikkje ei gong om eg vil greia å plassera alt riktig.
1.7) Kvar mm ekstra trappa tek, vil minska garderobe eller bad nokre mm.
1.Alt i alt må eg telja på millimetrar alle stader for å få løysinga til å fungera best mogleg. Det er ikkje lett når kjellaren er heilt tom no.
1.9) vaskemaskin vegg i vegg med kjellarstova/sov 4.


No vurderer eg å heller å forsøkja på noko liknande denne løysinga, der eg brukar om lag 1/3 av garasjen til vaskerom og garderobe. Endeleg romløysing på bad og vaskerom har eg ikkje komt fram til endå.
Planløysing - soverom i sokkeletasje -  - Komlo
Kort om utgangspunktet:
Ønsket er å få samla 4 soverom, vaskerom, bad og garderobe på dette planet. Garderobe er ikkje eit must, men sterkt ønskje.
Huset har kun kjellar og hovudetasje. Dette vert den einaste etasjen med soverom, så kjellaren her vert på mange måtar tilsvarande 2. etasje på dei fleste hus.
"Garasjen er i dag om lag 5.65m x 7.1m innvendig, med 2,47m romhøgd frå betongsåle til bjelkelag. Vert nok aldri nytta til bilgarasje, men til oppbevaring og snekkerbod.
"Garasjen" er nyoppført og ganske godt isolert med 20cm i veggar og 30cm i tak, men berre 10cm under såle.
"Garasjen har 3m x 2.25m, 67mm isolert garasjeport i front, men manglar dør.
"Det ligg eit 75mm avløpsrøyr i veggen heilt ned mot betongsåle øvst på teikninga i det som er "vaskerom/teknisk. Dette er ikkje kopla til avløp, men går ut og ned ei skråning mot bekk ved tomta. Kan kanskje brukast som avløp i golvet i tilfelle lekkasje på vaskerom?
Plassering av dør mellom bad og vaskerom er ganske låst, dersom eg ikkje skal leggja opp ny bering med stålbjelke (men mogleg).


Fordelar:
2.1) Bod i staden for vaskerom/teknisk er ikkje like kritisk på storleik. Om boden vert 2,0m eller 1,8m brei speler ikkje så stor rolle.
2.2) Eg får innvendig bodplass i huset.
2.3) Ingen vaskemaskin vegg i vegg med kjellarstova/sov 4.
2.4) Har betre plass til trapp og bod i gangen. Det er ikkje like kritisk om trappa vert t.d. 5cm breiare. Kan og gjera bod grunnare dersom eg ønskjer romslegare gang.
2.5) Langt større plass til bad. Eg "må" ikkje ha så stor plass til badet, men har meir spelerom og kanskje plass til dusj+badekar.
2.6) Eg vil få innvendig dør mellom "garasjen" og resten av huset.
2.7) Betre plass (om lag 2,4m x 2,4m) og lettare å innreia teknisk/vaskerom.
2.Garderoben langt enklare å innreia (får totalt 6 meter Pax og ca. 120cm golvbreidd mellom dei)
2.9) Får om lag 14kvm større kjellaretasje.
2.10) Får kanskje og plass til vaskemaskin på bad, dersom det er ønskeleg.

Ulemper:
2.11) Må planleggja alt på ny.
2.12) Meir arbeid, og mykje meir kløing i hovudet å få det til mtp. teknisk/røyrføring/ventilasjon/takhøgd osv (som er verste delen av oppussinga for meg som er så ubesluttsom).
2.13) "Garasjen" er ny med 10cm armert såle eg ikkje er gira på å meisla for avløpsrøyr.
2.14) Ei ekstra dør på bad er ikkje ideelt. Det gjer det vanskelegare å innreia bad.
2.15) Mister om lag 1/3 av "garasjen", som gjer at den ikkje vert djup nok til bil. "Garasjen" ville nok aldri blitt brukt til bil uansett, men no KAN den ikkje nyttast til bil om eg skulle ønskja det.
2.16) Ikkje ideelt med garderoben ytst, med vaskerom mellom garderobe og bad.
2.17) Ekstra dør på bad gjer det vanskelegare å plassera røyr og avløp opp til komande bad i etasjen over.
2.18) betongsåle i "garasjen" ligg noko høgare enn komande betongsåle i kjellar.
2.19) Det må vel borast avløp frå vaskemaskin og ganske mange vassrøyr gjennom grunnmuren.

I hovudsak er det som gjer at eg no ser på høve for denne løysinga at eg vil få betre plass i kjellaren til trapp, vaskerom/teknisk/garderobe/gang og bad. Eg mister delar av den fine nye garasjen min, men eg trur betre plass i huset trumfar større garasje. Eg har i tillegg ein gamal (dårleg stand) garaje på om lag 4x7m på oppsida av huset, og ønskjer å byggja carport seinare. Eg hadde lenge eit håp om å få plass til alle funksjonar eg ønskja i kjellaren, men uansett kvar eg snur meg er kjellaren liksom 10cm for kort eller smal til at løysingane vert praktiske.

God eller dårleg ide å utvida kjellaren slik?
Signatur
   #24
 36     0
Bare kjapt spørsmål, er det slik at badet skal benyttes av alle, eller skal dette begrenses til "deres"? Her har du evt mulighet til å legge bad i soverom og få en walk in
   #25
 1,104     Trøndelag     0
Du har sikkert tenkt på det: Hva med å ta mer av/hele garasjen når du først ofrer den? Der er det vel lett å sette inn store vinduer, så kan du heller ha lagring i bakkant?
   #26
 3     0
Fekk ikkje til å sove, for trøtt til å lese skikkelig igjennom. Ville berre ha et go på det. Her er resultatet..

Planløysing - soverom i sokkeletasje -  - Komlo
  (trådstarter)
   #27
 2,984     Vestlandet     0
Takker for svar.

Badet er i "soveromsetasjen", så det vil ikkje verta nytta som gjestebad, kanskje med unntak av om ungane har besøk i kjellaren.
Bad i soverom? Kva for eit av soveromma er då tiltenkt bad? Eg må ha 4 soverom i etasjen.

Har tenkt tanken på å bruka heile "garasjen", ja. Det er 2 stk. 120x120 vindauger i den no. Garasjeporten kan bytast i vindauge og terrassedør. Men eg ser ikkje for meg korleis eg då skal laga inngang til denne delen. Hadde eg vore hakket meir framtenkt då eg bygde denne, hadde eg bygd den som full kjellar i staden for garasje.
Signatur

  (trådstarter)
   #28
 2,984     Vestlandet     0
Fekk ikkje til å sove, for trøtt til å lese skikkelig igjennom. Ville berre ha et go på det. Her er resultatet..

Planløysing - soverom i sokkeletasje -  - Komlo


Tanken er god, men eg lyt ha 4 separate rom. Har og teke hol i bereveggen til barneromma, så soveromma er nok ganske låst. Foreldresoverommet vert berre om lag 2,7m djupt, så der er det nok ikkje plass til gang.

Plasseringa av trappa er og forholdsvis låst. Det eg må finna ut av no er beste løysing for teknisk, vaskerom, bad og garderobe.
Signatur