(trådstarter)
   #121
 82     0
Hei, Viddal!

Eg er ikkje komen heilt i mål enno, men eg reknar med at anlegget er oppe og går i løpet av februar eller der ikring! Smile Røyrleggjaren begynner for fullt no framover. Reknar med å få delt litt fleire bilete om ikkje så lenge!

Eg skal så gjerne kome med dei tips og triks eg kan viss det er til noko hjelp! Smile Er det noko spesifikt du lurar på?

  (trådstarter)
   #122
 82     0
Men det må vel være en bypass av pumpe for at det skal gå?
Hvordan regner man ut hvor mye energi pumpa vil trenge m,t,p batteribackup?


Det anlegget eg skal ha skal vere basert på pumper av merket Wilo-Yonos PARA, og viss den informasjonen eg finn etter eit kjapt søk på nettet er korrekt så trekkjer desse opp til 0,44 A under vanleg drift og har ein maksimal startstraum på 3 A. Såleis skal det ikkje vere så alt for heftig naudstraumsanlegg ein treng.

Eg vurderer å setje opp eit naudstraumsanlegg sjølv, både for å sikre sirkulasjon internt i vedkjelen ved straumbrot og for å halde sirkulasjonen av varmtvatn rundt i huset i drift i ein periode utan nettstraum. Når ein fyrst har eit slikt anlegg som kan halde heile huset med varme og varmtvatn så godt som utan behov for straum så ser eg på det som litt greitt å kunne drifte det sjølv om nettstraumen fell bort i ein periode. Smile

Eg kan dele litt informasjon om det tiltenkte naudstraumsanlegget mitt viss der er interesse for det?
   #123
 5,111     Sørnorge     0
Oppdaget TEG moduler til under $1/watt på ebay. Dette er altså moduler som lager strøm av temperaturforskjeller. Kravet for å komme under $1/watt er at man klarer 100C differanse mellom varm og kald side. Det i seg selv bør ikke være noe stort problem med en vedkjel. MEN disse modulene tåler max 125C på varm side. Og om man ikke ønsker å presse grenser (antar det påvirker levetiden) vil 95C være en praktisk varm side. 95C finner man jo på tur-vannet fra kjelen. (Antar man stiller pumpestyringen til å sikte seg inn på ca 95C.)

TEG finnes også i utgaver som tåler opptil 230C på varm side. Disse koster 15 ganger mer. Etter hva jeg har klart å spore opp er innmaten den samme, mens materialet som forsegler modulen og kabelisolasjonen er forskjellig.

Av data jeg fant på ebay (den svært vitenskaplige siden) ser det ut som at avgitt elektrisk effekt (P målt i watt) som funksjon av temperaturdifferanse (dT i grader C) passer til følgende funksjon
P = 0.0004672339 * dT^1.915394

Avgitt effekt øker altså veldig til mer man klarer å kjøle ned den kalde siden. Man vil her helst klare å få kald side ned i -5C selv om utetemperaturen vaker litt over 0. Hvor kald kan man klare å lage den kalde siden ved f.eks å lage en vedfyrt kjøler som bruker prinsippet bak gassdrevet kjøleskap? Evt er det andre måter å få til en vedfyrt kjøling på?
   #124
 35     0
@ Garegaupa Høres spennende ut, skal bli interessant å se anlegget ditt når du er i mål. Selv er jeg helt i startgropen og lurer på det aller meste Laughing . Ser du gikk for ETA kjele, hvilken modell landet du på og handlet du alt fra de? Skal ha ETA på befaring i mndskifte for å få en pris.

Vurderte du noen gang å handle fra utlandet, Danmark feks? Ser ut til å være en del å spare på det.

Vet du om styringen av disse ETA kjelene lar seg enkelt integreres i andre smarthjem systemer?

Takker for alle svar Smile
   #125
 35     1
Angående styring så fant jeg detta fra katalogen til ETA:

" Det er relativt enkelt å implementere ETA-styringen i eksisternede systemer. Med RESTful Webservice og Modbus/TCP kan verdier fra anlegget hentes ut og bearbeides."

Så dette virker jo veldig lovende Grin
  (trådstarter)
   #126
 82     0
@ Garegaupa Høres spennende ut, skal bli interessant å se anlegget ditt når du er i mål. Selv er jeg helt i startgropen og lurer på det aller meste Laughing . Ser du gikk for ETA kjele, hvilken modell landet du på og handlet du alt fra de? Skal ha ETA på befaring i mndskifte for å få en pris.

Vurderte du noen gang å handle fra utlandet, Danmark feks? Ser ut til å være en del å spare på det.

Vet du om styringen av disse ETA kjelene lar seg enkelt integreres i andre smarthjem systemer?

Takker for alle svar Smile


Hei igjen!

Eg landa på toppmodellen, ETA SH 60 kW. Det er atskillig meir effekt enn eg har bruk for, og eg hadde eigentleg tenkt å gå for SH 40 kW. Så fekk eg vite at prisforskjellen mellom desse ikkje var meir enn rundt kr 4.000,- av ein totalpris på over kr 120.000,- og gjekk då like godt for den største. Eg har lagt klart trekkrøyrar i bakken for å kunne leggje inn vassboren varme i nærliggjande driftsbygning i framtida, så då tenkte eg at det ikkje kunne skade med litt overkapasitet. Wink

Eg landa på å kjøpe alt frå ETA, altså både vedkjele, akkumulatortank, solfangarar og ferdige modular til teknisk rom (ETA FWM for varmtvatn, MKM for golvvarme og viftekonvektor, SLM for solfangarar og STM for separat issmeltingsanlegg utandørs). Då pratar alt utstyret saman og alt er tilpassa til alt anna.

Eg vurdera såvidt å handle frå utlandet, men eg slo det frå meg då eg ynskte ei totalpakke med både utstyr og montering av fagfolk. Rett nok reknar eg meg sjølv for å vere over snittet nevenyttig, men med såpass kritisk utstyr som dette så ynskte eg å få det prosjektert og montert av røyrleggjar med dei fordelar og garantiar det fører med seg. Vil ein setje det opp sjølv og spare pengar så kan det nok vere verdt å sjekke prisane frå det store utland.

Der er sjølvsagt òg mykje billegare vedkjelar å få tak i, slik som Orlan eller Atmos, som sikkert er verdt å vurdere viss ein ynskjer eller kan klare seg med noko enklare og meir manuelt enn det eg gjekk for. Eg valde å prioritere enkel bruk der ein slepp å tenkje på manuell justering av anlegget, samt at eg hadde lese berre positive ting om ETA i høve til kvalitet og driftssikkerheit. Der er andre som skal fyre opp anlegget som ikkje er like teknisk interessera som meg, og då er det viktig for meg at alt er så enkelt å bruke som råd slik at det berre er å fylle opp med ved og tenne på når det trengst. Smile

Det du fann i høve til integrering mot smarthus var veldig interessant! Eg ser ETA har oppdatere brosjyren sin sidan sist eg var inne på nettsidene deira. Eg skal  ha smarthus-system sjølv, så då lyt eg nok sjå nærare på dette eg òg! Grin
   #127
 35     0
Takker for utfyllende svar, høres ut som du har gjort kloke og veloverveide valg. Nå ble jeg bare enda mer gira på det her Smile

Sikkert veldig fornuftig å ta i litt når man skal skalere systemet så man har litt fleksibilitet innebygd.

Takk igjen og send bilder av systemet når det er på plass Smile

  (trådstarter)
   #128
 82     1
Tja, eg bruka vel omtrent eitt år på å sjekke alle mogelegheiter opp og ned og i mente, så eg vonar at dette er eit rimeleg gjennomtenkt prosjekt. Laughing

Berre hyggjeleg å kunne hjelpe, det er moro viss fleire her i Noreg fattar interesse for slike anlegg!

Der kjem nok ein del bilete etter kvart som ting begynner å verte montert opp, ja, pluss nokon erfaringar frå dagleg drift når alt er oppe og står! Smile
   #129
 1,076     1484     0
Min erfaring er at effekten i kjelen dropper så raskt ved strømutfall, grunnet stans av viften til underforbrenningsdelen, at det ikke er nødvendig med sirkulasjon utover selvsirkulasjonen i det hele tatt.

Flott med utstyr fra ETA. Østerrikerne lager vel verdens beste vedkjeler tror jeg, og det er en rekke produsenter som kniver om å være " best ".

De svenske kjelene blir litt steinalder i forhold. Interessant det du forteller om rørleggere og kompetanse. Min erfaring er litt varierende. Jeg valgte gjøre stikk motsatt i 2010, da kompetansen var ganske laber på de som var her og ga priser...
Signatur
  (trådstarter)
   #130
 82     0
Takk for innspelet, Utsikten! Då høyrast det ut som om kjelen klarar seg sjølv viss straumen fell bort. No tenkjer eg uansett å gå for eit slikt naudstraumanlegg slik at eg kan få varme og varmtvatn i huset sjølv ved bortfall av nettstraum i ein lengre periode. No har eg funne ut av straumtrekket til dei ulike komponentane i systemet, og det er snakk om såpass lite at eg berre treng eit heilt enkelt oppsett for å halde dette i drift over litt tid. Viss eg då i tillegg legg opp ei kontakt slik at eg kan kople til aggregat ved behov så skulle eg kunne halde husa varme så lenge der er ved og bensin å få tak i. Wink

Jau, eg trur at dei austerrikske kjelane ligg heilt i toppsjiktet, i alle fall ut frå det eg har funne ut. Kven som eventuelt er best av ETA, Fröling og Hargassner (som er dei tre austerrikske som har representantar her i landet) veit eg ikkje, men eg landa til slutt på ETA grunna at dei har ei veldig komplett pakke for oppvarming, varmtvatn og solvarme der alle komponentane er integrera i kjelestyringa.

I høve til det med røyrleggjar så trur eg nok framleis ikkje der er så veldig mykje kompetanse blant desse på slike anlegg her i Noreg. Dei eg skal bruke har berre sett opp eitt liknande anlegg før (frå CTC), og dei skal på kurs i desse dagar for å lære seg systemet til ETA. Hovudargumentet mitt for å bruke røyrleggjar på dette her er rett og slett at ein lekkasje i eit slikt system potensielt kan få relativt enorme konsekvensar for resten av huset. Då er det greitt at det er installera av nokon som trass alt kan dette med røyrar og koplingar, og ikkje minst har ansvaret for jobben dei har gjort.

Eg er ikkje redd for å ta i eit tak sjølv som hobbyhandverkar, men akkurat elektriske anlegg og VVS held eg meg unna på grunn av dei potensielle konsekvensane ved feil. Smile