1,139
18
3
Funksjon?
2,987
Vestlandet
0
I kjellaren har eg 3 murveggar som går mellom grunnmur og berevegg. Bereveggen er Leca og grunnmur er betong. Desse veggane går langs bjelkane i etasjeskillet, så eg tvilar på dei kan ha noko berande funksjon.
Men kan dei ha noko støttande funksjon for grunnmur pga marktrykk? Grunnmuren på denne sida ligg 90% under bakken.
Eg vil jo sjølvsagt fjerna desse veggene.
2 av veggane er. 7cm tjukke og ein er 13cm.
Men kan dei ha noko støttande funksjon for grunnmur pga marktrykk? Grunnmuren på denne sida ligg 90% under bakken.
Eg vil jo sjølvsagt fjerna desse veggene.
2 av veggane er. 7cm tjukke og ein er 13cm.
Signatur
grave opp den etterfylte grunnmuren, og etterfylle med løs Leca...
Då får me finna på noko anna.
https://issuu.com/e-weber/docs/leca_byggebok_2013_original_1-sidig/12
Men som elby sier, det er greit å være forsiktig.
No har eg betonggrunnmur, og ikkje Leca.
Tilbakefyllinga utvendig er om lag 2m.
Eg kunne tenkt meg å fjerna alle tre veggane, for å setja opp to lettveggar.
Eg har ein slik vegg på andre sida av huset og. Her er det ingen tilbakefylling av massar. Denne kan trygt fjernast?
Den eine av desse veggane kunne eg tenkt meg å flytta 30-40cm. Den eine fjerna heilt og den siste kan stå same plass. Men eg ønskjer lettveggar for å kunna leggja litt el og røyr (avløp, lufting og ventilasjon i eine veggen).
Etter å diskutera litt med kona fann me ut at dei to veggane borterst kan stå. Den i midten vert korta ned til der døra startar (150cm). Det bør vel gå greit?
Eg kunne forsåvidt tenkt meg å korta innerste vegg og til 250 cm før dør. Altså flytta døra ca 30cm mot grunnmur/venstre.
Veggen nermast vert vegg på bad/vaskerom. Denne skulle helst vore flutta om lag 30cm mot midten av huset, slik at den møter der det vert ny trapp. Ellers får me 30cm mellom trapp og badevegg som eg ikkje trur me kan nytta til noko.
Orsak for elendig bilete.