7,516
9
0
Trenger tips ang meisling og oppbygging av kjellergulv
918
0
No nermer eg meg ferdig med meisling av kjelleren for å få meir takhøyde. Dette har vore ein vanlig rotekjeller, som no skal bli til kjellerstue og leilighet. Gammel høyde var ca 2 meter. Eg håpte eg skulle nærme meg 240cm når tak og gulv var ferdig, men det ser ut som det ender med ca.225cm pga hardt fjell, og utvendig drenering. Lekter og lydbøyler er montert i taket.
No har eg meisla meg ned til 245cm fra lektene, så tenker eg å ha 2x5-6cm isopor med fuktsperre mellom isoporen, og armering/varmekabel og støyp. På 249-250cm så finner eg vatn når det regner, og eg trur det er så lavt dreneringen ligger utvendig. Dette vatnet forsvinner når det tørker ute. Eg meiner at dette ikkje gjer noke da det er noken cm under isoporen, og 7-8cm under fuktsperra, og at dreneringen frakter det ut før det når gulvet. Mens far min meiner at dette bør fraktes vekk da det ikkje skal stå vatn under huset. Kem av oss har rett? Høper eg ikkje må frakte det vekk, da det blir ein h***** jobb å få det til..

Eg meisla meg ei grøft som leder vatnet ut. Ser ut til å fungere greit. Har i dag fått lagt avløpsrøyrene og begynnt å kjøre inn singel til å rette av. Det blir alt fra 2cm - 10cm med singel for å få rettet det av.
Så no har eg eit par ting eg lurer på. Kor nøye er det med singelen? Må gulvet vær 100% i vater, eller holder det at det at det er jevnt, og ca. i vater siden betongen retter det av til slutt?
Så det viktigaste spørsmålet. KOR SKAL FUKTSPERRA LEGGAST? Har snakka med noken murera som meiner at den skal ligge over all isoporen, mens andre igjen meiner den skal ligge midt mellom isoporen for å ikkje lage hull i den. Så det siste eg høyrte var at den måtte ligge underst for at ikkje isoporen skulle trekke vatn. Det firmaet som sa det hadde hatt fleire tilfeller der dei hadde funne pulverisert isopor når dei meisla opp gulv. Derfor brukte dei ein tjukkere fuktsperre som dei la under isoporen. Kva er rett?
No er 90% av kjelleren ferdig rettet av. Men kor nøye er dette? Har brukt laservater, og vore så nøye eg kan, men det kan hende det varierer med opp til 1 cm enkelte plasser. Gjer dette noke? Må eg låne spesialutstyr for å få dette 100%, eller er det godt nok med 99,95%?