879
12
0
Hjelp! Vurdering av utført sliping og behandling av golv
9
Bergen
0
Eg hadde nettopp ein golvslipar innom for å slipe og behandle ca. 30 kvm med golv. Men eg er ikkje nøgd med resultatet. Eg er ikkje noko ekspert på området og lurer berre på om det berre er eg som har høg standard eller om dette rett og slett er dårleg arbeid.
Hadde difor sett veldig pris på om nokon kunne sett på bileta på linken under og kommentert kva de tykkjer om det utførte arbeidet!
Link til bilete av det utførte arbeidet: https://drive.google.com/drive/folders/1QzarWAz3iITc2jLeadsodEXj4LB3POI4?usp=sharing
OBS! Treng ikkje nødvendigvis lese teksten nedanfor for å kommentere kva du tykkjer om arbeidet ut frå bileta.
Generelt (alle golva):
- Overflata er veldig ru, raspete og ripete. Det ser ut (og følast ut) som han har brukt eit gigantisk nykkelknippe til å slipe golva med. Når eg drar ein mikrofiberklut over golva så "heng" ho att i golvet. Kan ikkje tenkje meg at det er meininga at eit nyslipt og nylakkert golv skal ha ei slik overflate, har eg rett i det?
Kjøkken:
- Her har jo golvet vorte øydelagt under arbeidet. Eg fekk ikkje noko beskjed om at det vart skada. Sambuaren min sa at golvsliparen sa til han at det vart ein liten skade på kjøkkenet. Vil no ikkje seie dette er ein liten skade. Han har jo ikkje på nokon måte forsøkt å reparere skadane.
Gang:
- Fekk beskjed at om me ikkje fjerna listene på gangen så ville det vere att små, ubehandla halvmånar i innerhjørnene. Han sa òg at han hadde ei skrape han kunne bruke. Me valde å ikkje fjerne listene, dels fordi me eigentleg ikkje hadde tid til det og helst ville unngå å fjerne dei då me såg det som veldig sannsynleg at dei ville vorte øydelagt i prosessen og tenkte det skulle gå fint me små, ubehandla halvmånar i innerhjørnene. Vel. Eg tykkjer ikkje dei ubehandla halvmånane er så små. I tillegg er det jo òg ubehandla striper langs listene elles. Eg tenkjer at her kunne han ha gjort ein betre innsats i å få slipt alt skikkeleg, eller er det berre meg?
Stove/sov
- Desse ubehandla innerhjørnene og stripene langs listene er det over heile stova/sov òg. Her er det ikkje lister, men det er eit listfritt rom.
- Dette er det same golvet som i gangen, berre dette hadde relativt ujamn overflate (bølgjete). No er golvet mykje rettare, men eg tykkjer det er veldig ujamnt fargemessig, som om det ikkje er slipt nok ned.

Signatur
og på kjøkkenet skulle man vel aldri ha slipt gulvet ,ser ut som det var for lite igjen og slipe på ?
håper du ikke har betalt dem alt for dette...?
Nei, eg har ikkje betalt dei. Skal informere dei i dag at eg ikkje er nøgd og kjem til å halde att betalinga. Spent på kva svar eg får.
En roterende slipemaskin , kan "plutselig" ta feste i gulv og "hoppe i veggen". Da kan den skade vegg og kjøkken innredning.
Her er en video som viser at det er ganske grove maskiner, som ikke gir godt resultat langs vegger (uten å flise opp listverk) og i hjørner (klarer ikke å komme inn). https://www.youtube.com/watch?v=eL2V_TkZ1Ug
Et familiemedlem fikk slipt guvet av en proff, var ikke en eneste milimeter som sto uslipt. Glatt og fint. Jeg leide meg gulvsliper for å ta kjøkkengulvet, var så der fornøyd i etterkant, men det var mange ganger bedre enn det bildene til TS viser. Dette er amatør makkverk.
Eh… nei? Det ser jo helt forj*vlig ut?! Nå vet jeg ikke hvilken avtale t.s. hadde med sliperen, men det må da være en selvfølge at man sliper til man er ferdig, inkludert "pirket på slutten som koster". Angående kjøkkengulvet så tipper jeg at noen av lamellene har hatt noen skader på forhånd som har svekket oppbygningen av parketten. Det burde i så fall sliperen ha sett på forhånd og enten latt være å slipe dette gulvet, eller opplyst kunde om risiko for skader (Mitt kjøkkengulv er en gammel parkett av Ask med flere lameller som stikker litt opp, helt sikkert pga. fuktpåkjenning over flere tiår. Sliping hadde vært dømt til å mislykkes).
Så er jeg usikker på om gulvet på stue/sov stedvis er slipt ned nok. Riktignok er det noe som heter "kjerneved", og litt fargespill må man forvente, men det ser ut som bordene er slipt ned uforholdsmessig mer på kantene enn på midten (svakt buede bord i utgangspunktet?). Dette er vel heltre, så ikke noe problem å gå litt dypere.
Hehe, ganske einig i at det ser heilt forj*vleg ut. Golva såg j*vlege ut før slipinga, men no er dei verre.
Golvet på kjøkkenet var vasskada, det fortalde eg og viste til golvsliparen under befaring. Eg er oppdragsgjevaren for arbeidet men fekk aldri beskjed om at golvet vart skada. Han sa berre til sambuaren min at det vart ein liten skade på golvet, sambuaren min som held på med andre ting tenkte at skaden sikkert var ubetydeleg. Dette golvet skulle nok aldri vorte slipt, men det må jo han med kunnskapen avgjere.
Du har heilt rett i at borda i stove/sov var bogne før slipinga. Dette golvet skulle då sett heilt likt ut som det på gangen etter slipinga, som er det same heiltre golvet. Men det ser jo ikkje slik ut i det heile teke, så det har ikkje vart skikkeleg slipt ned.
Om utgangspunktet er vanskelig så skal en profesjonell håndverker veilede og opplyse om forventet resultat, og eventuell risiko, før man går i gang med arbeidet. Dette er viktig. Har gulvet vært snekret sammen av drivved, så må gulvsliper opplyse om at dette blir ikke mahogny.
Og tynnparketten på kjøkkenet burde man kanskje aldri ha slipt, og her har en profesjonell aktør en særskilt plikt til å veilede. Ikke alle som vet at ikke alle gulv kan slipes, og en gulvsliper må selvfølgelig opplyse om dette og risikoene det innebærer ved å prøve.