(trådstarter)
   #131
 59     0
Då var det endeleg på tide med nokon bilete her att! Smile

Spørsmål angåande vassboren varme med vedkjele - IMG_20190211_134309.jpg - Garegaupa
Vedkjelen og tanken på plass i fyringsrommet!

Spørsmål angåande vassboren varme med vedkjele -  - Garegaupa
Tre av ETA-modulane som skal knytast opp mot anlegget. Frå venstre: ETA FWM (tappevatnmodul), ETA SLM (sjiktlademodul for solfangarane) og ETA MKM (to varmekrinsar som skal brukast til golvvarme, ein viftekonvektor i kjellaren og eit snøsmeltingsanlegg i ei dreneringsrenne på tunet).

Meir kjem etter kvart som ting tek til å verte kopla saman! Wink

  (trådstarter)
   #132
 59     0
Eg kom forresten akkurat i hug at eg ikkje har lagt ut noko bilete av solfangarane enno. Desse er trass alt ein sentral del av anlegget, som eit supplement til vedfyringa om våren, sumaren og hausten:

Spørsmål angåande vassboren varme med vedkjele -  - Garegaupa

Folk som ser dei trur at det er takvindaugo det er snakk om, og det er det fine med desse her: Dei gjer ikkje så mykje ut av seg når dei er integrerte i taket på denne måten! Wink
TSt
   #133
 4 816     0
Ved nødstrøm ved bruk av strømaggregat må en bare huske på startstrøm. En må beregne langt høyere effekt på aggregatet enn sum av antall W.
  (trådstarter)
   #134
 59     0
Takk for innspelet, TSt! Smile Eg meiner eg har rekna med startstraum på alle komponentane som skal vere med i naudstraumskrinsen, men det er uansettt ikkje veldig store straumbehovet det er snakk om.
O_K
   #135
 371     0
Regn ikke med at rørleggere er en garanti for riktige komponenter. Jeg hadde rørleggere til å koble mitt bergvarmesystem, og dette var rørleggere som selv solgte varmepumper og beskrev at de hadde kompetanse på varmessystemer (kjøpte dog varmepumpe fra annen leverandør pga best tilbud på den delen).

Rørleggerne klarte å bruke isiflo kobling på 25mm PEX. Isiflo er ikke godkjent for temperatur over 40C, og mitt anlegg har 60C som høyeste driftstemperatur. Konfronterte rørlegger med dette, og de sa bare at det var slike koblinger de pleide å bruke, så det måtte når være greit...

Jeg gadd ikke diskutere mer, og byttet ut noen av disse selv i vinter ettersom jeg har oppgradert og endret litt på anlegget. Da så jeg til min store overraskelse at de heller ikke hadde brukt støttehylser. Isiflo presiserer tydelig at støttehylser SKAL benyttes når deres koblinger brukes på PEX. Flere PN6/PN10 koblinger bestilt og nå skal resten byttes ut også.
  (trådstarter)
   #136
 59     1
Det høyrast ikkje noko bra ut, nei... Sad Der er nok råtne eple i den bransjen òg, slik som elles rundt om i andre bransjar.

Eg har den fordelen at eg bur på ein liten plass der alle kjenner alle, så eg veit at den røyrleggjaren me brukar er ein særs kompetent og oppegåande kar. Rett nok har han ikkje veldig mykje kompetanse med nøyaktig denne typen anlegg frå føre (han har montert ein vedkjele tidlegare, frå ein annan produsent enn eg har valt), men han har teke oppgåva med det største alvor og bruka mykje tid og energi på å setje seg inn i dei tinga der han har mangla kunnskap og erfaring. I tillegg så har firmaet hans blitt lokal representant for ETA Norge, noko som gjev endå eit ekstra nivå av tryggleik i høve til kompetanse og opplæring.

Dessutan, så lenge dei er er eit røyrleggjarfirma som òg er godkjende for ansvarsrett så har eg som kunde eit sikkerheitsnett viss det skulle gå gale. Sjølvsagt er det ikkje kjekt med vasslekkasje uansett om ein får det ordna gratis eller ikkje, men det er er no greitt å ha ein garanti på det arbeidet som er utført. Smile
  (trådstarter)
   #137
 59     0
Det har gått eit lite grann tregare med dette prosjektet enn det som var planlagt, men i denne veka begynte røyrleggjarane for fullt med å kople opp anlegget! Grin

Her er nokon bilete frå i går:

Spørsmål angåande vassboren varme med vedkjele -  - GaregaupaSpørsmål angåande vassboren varme med vedkjele -  - GaregaupaSpørsmål angåande vassboren varme med vedkjele -  - GaregaupaSpørsmål angåande vassboren varme med vedkjele -  - GaregaupaSpørsmål angåande vassboren varme med vedkjele -  - Garegaupa