(trådstarter)
   #131
 82     0
Då var det endeleg på tide med nokon bilete her att! Smile

Spørsmål angåande vassboren varme med vedkjele - IMG_20190211_134309.jpg - Garegaupa
Vedkjelen og tanken på plass i fyringsrommet!

Spørsmål angåande vassboren varme med vedkjele -  - Garegaupa
Tre av ETA-modulane som skal knytast opp mot anlegget. Frå venstre: ETA FWM (tappevatnmodul), ETA SLM (sjiktlademodul for solfangarane) og ETA MKM (to varmekrinsar som skal brukast til golvvarme, ein viftekonvektor i kjellaren og eit snøsmeltingsanlegg i ei dreneringsrenne på tunet).

Meir kjem etter kvart som ting tek til å verte kopla saman! Wink

  (trådstarter)
   #132
 82     0
Eg kom forresten akkurat i hug at eg ikkje har lagt ut noko bilete av solfangarane enno. Desse er trass alt ein sentral del av anlegget, som eit supplement til vedfyringa om våren, sumaren og hausten:

Spørsmål angåande vassboren varme med vedkjele -  - Garegaupa

Folk som ser dei trur at det er takvindaugo det er snakk om, og det er det fine med desse her: Dei gjer ikkje så mykje ut av seg når dei er integrerte i taket på denne måten! Wink
TSt
   #133
 14,509     0
Ved nødstrøm ved bruk av strømaggregat må en bare huske på startstrøm. En må beregne langt høyere effekt på aggregatet enn sum av antall W.
  (trådstarter)
   #134
 82     0
Takk for innspelet, TSt! Smile Eg meiner eg har rekna med startstraum på alle komponentane som skal vere med i naudstraumskrinsen, men det er uansettt ikkje veldig store straumbehovet det er snakk om.
O_K
   #135
 431     0
Regn ikke med at rørleggere er en garanti for riktige komponenter. Jeg hadde rørleggere til å koble mitt bergvarmesystem, og dette var rørleggere som selv solgte varmepumper og beskrev at de hadde kompetanse på varmessystemer (kjøpte dog varmepumpe fra annen leverandør pga best tilbud på den delen).

Rørleggerne klarte å bruke isiflo kobling på 25mm PEX. Isiflo er ikke godkjent for temperatur over 40C, og mitt anlegg har 60C som høyeste driftstemperatur. Konfronterte rørlegger med dette, og de sa bare at det var slike koblinger de pleide å bruke, så det måtte når være greit...

Jeg gadd ikke diskutere mer, og byttet ut noen av disse selv i vinter ettersom jeg har oppgradert og endret litt på anlegget. Da så jeg til min store overraskelse at de heller ikke hadde brukt støttehylser. Isiflo presiserer tydelig at støttehylser SKAL benyttes når deres koblinger brukes på PEX. Flere PN6/PN10 koblinger bestilt og nå skal resten byttes ut også.
  (trådstarter)
   #136
 82     1
Det høyrast ikkje noko bra ut, nei... Sad Der er nok råtne eple i den bransjen òg, slik som elles rundt om i andre bransjar.

Eg har den fordelen at eg bur på ein liten plass der alle kjenner alle, så eg veit at den røyrleggjaren me brukar er ein særs kompetent og oppegåande kar. Rett nok har han ikkje veldig mykje kompetanse med nøyaktig denne typen anlegg frå føre (han har montert ein vedkjele tidlegare, frå ein annan produsent enn eg har valt), men han har teke oppgåva med det største alvor og bruka mykje tid og energi på å setje seg inn i dei tinga der han har mangla kunnskap og erfaring. I tillegg så har firmaet hans blitt lokal representant for ETA Norge, noko som gjev endå eit ekstra nivå av tryggleik i høve til kompetanse og opplæring.

Dessutan, så lenge dei er er eit røyrleggjarfirma som òg er godkjende for ansvarsrett så har eg som kunde eit sikkerheitsnett viss det skulle gå gale. Sjølvsagt er det ikkje kjekt med vasslekkasje uansett om ein får det ordna gratis eller ikkje, men det er er no greitt å ha ein garanti på det arbeidet som er utført. Smile
  (trådstarter)
   #137
 82     0
Det har gått eit lite grann tregare med dette prosjektet enn det som var planlagt, men i denne veka begynte røyrleggjarane for fullt med å kople opp anlegget! Grin

Her er nokon bilete frå i går:

Spørsmål angåande vassboren varme med vedkjele -  - GaregaupaSpørsmål angåande vassboren varme med vedkjele -  - GaregaupaSpørsmål angåande vassboren varme med vedkjele -  - GaregaupaSpørsmål angåande vassboren varme med vedkjele -  - GaregaupaSpørsmål angåande vassboren varme med vedkjele -  - Garegaupa

  (trådstarter)
   #138
 82     0
Tida går fort når ein har mykje å halde på med, så eg har visst gløymt heilt bort å oppdatere denne tråden... Sad No er i alle fall anlegget i drift, og har vore det sidan me flutte inn i mai i år.

Kortversjonen er at det meste fungerer fint som berre det! Det einaste unntaket er solfangarane, som har gjeve særs lite utbytte så langt. Her er det nok snakk om ein feil i systemet, og den mest sannsynlege syndaren så langt er luft i systemet. Røyrleggjaren skal sjå på dette no etter kvart.

Når det gjeld vedfyringa så har me så langt vore oppe i seks-sju dagar mellom kvar fyring på det lengste, og nede i to-tre dagar på det kortaste. Det vert spanande å sjå korleis det vert til vinteren. Smile Me har vel bruka cirka fem pallar ved så langt.

Her er nokre bilete av det ferdige anlegget:

Spørsmål angåande vassboren varme med vedkjele -  - GaregaupaSpørsmål angåande vassboren varme med vedkjele -  - GaregaupaSpørsmål angåande vassboren varme med vedkjele -  - GaregaupaSpørsmål angåande vassboren varme med vedkjele -  - GaregaupaSpørsmål angåande vassboren varme med vedkjele -  - Garegaupa
   #139
 15     0
Hei Garegaupa.
Gratulerer med et nydelig anlegg.
Jeg har fulgt deg på både svensk og norsk tråd fra du først startet opp.
Selv er jeg i startgropa på tegning av nytt hus som skal opp til våren.
Jeg har fått mange gode svar av å se på dine flotte løsninger, men har egentlig flere spørsmål enn svar;-) Er i god dialog med ETA da jeg hadde besluttet å gå for de for lenge siden. Er enda sikrere nå.
Kunne du vært så snill å ringe meg ved ledig tid?
Mvh
Lars Oven Pettersen
Vesterålen
tlf: 90923500
   #140
 5,111     Sørnorge     1
Om du stiller spørsmålene i forumet, kan andre som lurer på det samme også få glede av svarene!