(trådstarter)
   #141
 84     0
Hei, Lars Ove!

Takk for komplimenta angåande anlegget! Eg er veldig godt nøgd med det! Smile Beklagar veldig seint svar, av ein eller annan grunn så fekk eg ikkje varsel om at det hadde skjedd noko i tråden her... Som petterg seier så kan me gjerne ta spørsmåla dine på direkten her i tråden i tilfelle andre lurar på nokon av dei same tinga. Smile

(Viss du av ein eller annan grunn heller føretrekk å ta det på telefon så kan eg alltids slå på tråden ein dag det høver.)

   #142
 15     0
Hei.
Beklager selv sent svar fra min kant.
Tar gjerne tråden videre her, men for mindre detaljer og slikt senere tar jeg gjerne en prat.

Her er saken:
Skal bygge nytt til våren.
Vi bor på kysten i Nord- Norge. Svært sjelden kaldere enn 10 blå.
Tek17.
ca 180 BOA i to plan (2 x 90 kvm) (livsløpsstandard på 1 etg)
I tillegg kommer 20 kvm sportsbod+ grovkjøkken + teknisk rom i tillegg, da mellom husets hoveddel og 70 kvm garasje, alt fast i huset.
En hel betongsåle på ca 200 kvm.
Vannbåren varme i hele kåken, også garasje (når behov.)
Planlagt garasjeport til teknisk rom for å kjøre inn et par storsekker i slengen foran ovnen. (har traktor).

Vi er to voksne, og 50% av tiden 2 barn/ ungdom i huset.
Jeg pendler, og er vanligvis borte en uke i slengen, samt 1-3 uker fri mellom jobb. Min kjære jobber turnus på sykehus.
Begge er å anse som driftige, og ikke redd for å ta i et tak, ref. fyre opp i en ovn.
Vi er en del på tur, både dagsturer og helgeturer.

Har snakket med ETA samt en og annen som har litt forståelse.
Mye akkumulert varme i anlegget når en er hjemme og har anledning til å ble på, slik at en har litt å gå på når en er på farten.
Inntil nå er intensjonen som følger:

- ETA vedpanne på 40KW (pga.den minste ovnen med stort ilegg)
- 4000 l tank, med uttak for tappevann. Drøftet tappevannsmodul, men har fått forståelse av at denne ikke gir spesielle fordeler utover mulighet for digital overvåkning på systemet? (kost/ nytte- effekt)
- Shunter fra ETA.
- en 150 l varmtvannstank koblet på systemet slik at den kan slå inn dersom temp i systemet skulle droppe svært lavt, og at en har litt lunket vann i krana når en kommer hjem.

Spørsmål:
- Kan denne riggen komme til å funke?
- Forbedringer (glem solfanger, det tjenes aldri inn her på 67`N)
- Tappevannsuttak fra tanken vs. tappevannsmodul?
fordeler/ ulemper.
- Hvor ofte vil vi måtte fyre? sommer/ vinter?
- Hadde et regnestykke på 18-23. 1000l sekker i året? Er jeg ute på tynn is?
- Er vanlig isolert stålpipe kurrant?
- Hvor stort teknisk rom skal jeg planlegge på?
Tanken er 2m i dia+ isolasjon.
Må ha plass til 2 paller.
Aggeregatet til ventilasjonen skal stå her.
Sjakt for vent/ vann/ el.blir fra dette rommet. ca. 0,5 kvm.
- Vil fyrrommet bli et svært varmt rom hvor jeg må planlegge lufting til f. eks. gang/ garasje etc. for å få ned temp?

Har mange spørsmål til, men om dere kunne hjelpe meg videre på vei med de store ting ville det vært fantastisk bra.

Mvh
L






HSt
   #143
 37,513     Lillestrøm kommune     0
Fyrrom er vel en branncelle, får en da godkjent garasjeport inn i denne ?

Mener at min bekjente har tofløyet ståldør for å ta veden rett inn.
HSt
   #145
 37,513     Lillestrøm kommune     0
Ok, men jeg tror det er 43kW hos min bekjente. Mener han hadde noen runder med kommunen (ikke Sørum) når han bygde dette. For meg så det ut som vedkjel automatisk krevde egen brancelle.
  (trådstarter)
   #146
 84     0
Lars-Ove: Det ser ut som om du har tenkt nøye gjennom dette! Smile Eg trur du er veldig på rett spor her. Eg tek føre meg spørsmåla dine eitt for eitt.

Drøftet tappevannsmodul, men har fått forståelse av at denne ikke gir spesielle fordeler utover mulighet for digital overvåkning på systemet? (kost/ nytte- effekt)

Var det ETA som sa dette? Det tykte eg i så fall var noko rart. Den forklåringa eg fekk var at tappevatnmodulen var meir effektiv med tanke på å få mest mogeleg ut av det varme vatnet i akkumulatortanken. I tillegg (slik eg forstår det) så kan ein tappevatnspiral i tanken øydelegge skiktinga. Denne modulen kostar litt, ja, men eg ville ikkje ha bytt til noko anna.

en 150 l varmtvannstank koblet på systemet slik at den kan slå inn dersom temp i systemet skulle droppe svært lavt, og at en har litt lunket vann i krana når en kommer hjem.

I staden for dette så har eg ein elkolbe i sjølve akkumulatortanken som kan varme opp vatnet der ved behov (eg har ikkje bruka han enno, og eg har vore borte i tre-fire dagar i strekk med hausttemperatur ute). Eg ser ikkje heilt føre meg korleis dette oppsettet her, med ein eigen varmtvasstank, er tenkt å fungere?

Kan denne riggen komme til å funke?

Ja, det meiner eg. Sjå kommentarane ovanfor, utover dette så meiner eg du har eit fornuftig oppsett. Eg har 60 kW vedkjele og 5000 liter tank for eit oppvarma areal på cirka 235 m2 (det vert cirka 266 m2 når eg får inn ein viftekonvektor i kjellaren etter kvart). Eg hadde eigentleg òg tenkt å gå for 40 kW kjele av same grunnar som deg, men då eg fann ut at prisforskjellen mellom 40 kW og 60 kW ikkje var meir enn snaue kr 4.000,- på ein kjele til over kr 120.000,- så gjekk eg like godt for den største for å ha litt overkapasitet (eg vurderer ei sløyfe ut til driftsbygning i framtida). Ver obs på at (viss eg har forstått det rett) så må røyrleggjar ha godkjenning for ein høgare tiltaksklasse viss varmekjelda er på over 50 kW, så det kan vere lurt å sjekke fyrst (så sant du ikkje skal montere sjølv). Hugs ekspansjonstank på cirka 10 % av total systemkapasitet viss du ikkje har teke med dette.

Forbedringer (glem solfanger, det tjenes aldri inn her på 67`N)

Solfangarar kan du sikkert berre gløyme, ja. Dei forbetringane eg i all hovudsak ser er det eg har nemnt ovanfor (tappevatnmodul, elkolbe i staden for varmtvasstank, ekspansjonstank og å vurdere ein kjele med meir effekt). Det verkar som om du har nokså likt hus som det me har, og tilsvarande tankar i høve til oppvarming. Såleis trur eg absolutt dette vert bra! Smile God plan med garasjeport inn i fyringsrommet, det kjem du ikkje til å angre på! Smile

Tappevannsuttak fra tanken vs. tappevannsmodul? fordeler/ ulemper.

Sjå over. For å oppsummere så meiner eg fordelane med tappevatnmodul er betre utnytting av varmen i akkumulatortanken, samt betre skikting i akkumulatortanken. Ulempene er høgare eingongskostnad.

Hvor ofte vil vi måtte fyre? sommer/ vinter?

I sumar og tidleg på hausten fyra me kvar femte-sjette dag. No (med temperaturar som ligg på nokon få minusgrader i snitt) fyrar me kvar andre-tredje dag. Eg har ingen data for den kaldaste delen av vinteren enno då me begynte å fyre i mai i år. Eg kan kome attende til dette utpå vinteren når det vert kaldare. Wink Eg prøvar å fyre før tanken kjem under 30 %, det har eg hatt best erfaring med, men det er ikkje problem å sleppe han lågare ned enn dette i eit knipetak. Eg ser at viss eg fyrar opp på rundt 30-40 % så kjem eg opp på 70-80 % etter fyring. Då har eg nok å gå på, og risikerer ikkje overfyring og varmt vatn som går rett i sluket.

Hadde et regnestykke på 18-23. 1000l sekker i året? Er jeg ute på tynn is?

Mitt reknestykke landa på mellom 20 og 25 slike sekkar. Så langt (altså frå mai i år til dags dato) har me bruka åtte sekkar. Eg trur såleis ikkje eg har bomma så veldig, eg kjem kanskje heller noko under det eg hadde rekna med. "Fasit" kjem i mai 2020. Laughing

Er vanlig isolert stålpipe kurrant?

Ingen problem. Det er det me har.

Hvor stort teknisk rom skal jeg planlegge på?

Tanken er 2m i dia+ isolasjon.
Må ha plass til 2 paller.
Aggeregatet til ventilasjonen skal stå her.
Sjakt for vent/ vann/ el.blir fra dette rommet. ca. 0,5 kvm.

Vårt fyringsrom er på cirka 28 m2 (cirka 7 m x 4 m). Då har eg tanken, vedkjelen, alle fire modulane, sikringsskåp, dataskåp og ekspansjonstank. Eg får då greitt inn to pallar med ved. Eg kunne nok fått inn meir enn dette, men akkurat no har eg eit fryseskåp og ei verktøyhylle der inne som tek opp noko plass. Eg trur at det for min del skal klare seg greitt med to pallar i slengen, for då kan eg køyre inn ein ny når eg har tømt ein av dei to, og såleis aldri gå tom for ved i fyringsrommet.

Vil fyrrommet bli et svært varmt rom hvor jeg må planlegge lufting til f. eks. gang/ garasje etc. for å få ned temp?

Eg vil absolutt tilrå den type lufting, ja. Det er faktisk noko av det eg mest ville ha endra på viss eg skulle begynt på nytt. Fyringsrommet vert varmt, og mitt einaste alternativ i augneblinken er å enten opne garasjeport/vindauga (og såleis "fyre for kråkene") eller å opne dørene inn i huset (gjennom eit gjesterom). Sistnemnde variant fungerer forsåvidt, men det vert noko uryddig, og varmen spreier seg ikkje godt. Hadde eg kunne gjort dette om att så ville eg nok lagt opp til eit system med ei vifte og ein kanal slik at eg kunne fått denne varme lufta inn i huset.

Eg trur det skulle vere alle spørsmåla, men berre fyr laus viss du kjem på nokon nye spørsmål eller oppfylgingsspørsmål til dei du alt har stilt. Grin
  (trådstarter)
   #147
 84     0
Fyrrom er vel en branncelle, får en da godkjent garasjeport inn i denne ?

Mener at min bekjente har tofløyet ståldør for å ta veden rett inn.


Eg fekk beskjed om at eg måtte hatt tofløya ståldør (eller tilsvarande) viss denne hadde opna seg mot ein yttervegg på huset (som var den opphavlege planen). Då eg endra planen til at opninga berre vert ut mot tunet var det ikkje noko problem å ha garasjeport.

Det tykte eg var veldig greitt, for då slapp eg å ha ein dørstokk. No kan eg berre opne porten og trille inn pallar med jekketralle viss eg ynskjer. Smile

  (trådstarter)
   #148
 84     0
Eg gløymde forresten ein ting: Hugs avtapping for kondensvatn i "botnen" av pipa før ho går inn på kjelen! Elles risikerer du rustskadar inni turbolatorrøyrane. Dette fekk eg vite i etterkant, og måtte få ettermontera denne karen her (laga av ein hendig kjenning):

Spørsmål angåande vassboren varme med vedkjele -  - Garegaupa

Berre ikkje gløym feieluke slik me gjorde! Laughing Der lyt sveisast noko til her før me er heilt i mål. Wink
HSt
   #149
 37,513     Lillestrøm kommune     0
Når jeg på soldagene (Norsk solenergiforening) var å så på et hus på Grefsen i Oslo så hadde han vedkjel og solvarme, han klarte oftest å samle nok solvarme fra april til oktober og så måtte han fyre i vedkjelen i mørketiden
  (trådstarter)
   #150
 84     0
Eg vonar òg at eg kan kome dit etter kvart, eller i alle fall så langt at eg berre behøver å fyre av og til i løpet av sumarhalvåret.

Denne sumaren hadde eg diverre bortimot null utbytte av solfangarane mine. Eg sjølv, ETA og røyrleggjar har bruka mykje tid på feilsøking, og på å prøve ut ymse teoriar, men det har nok vore så enkelt som luft i systemet. Sjølv små mengder luft kan visst nok setje ein varmevekslar omtrent heilt ut av spel.

No skal systemet vere skikkeleg lufta, men det vart ikkje gjort før godt utpå hausten, så eg har ikkje fått testa skikkeleg enno. Det vert spanande å sjå utpå våren. Eg vonar og reknar med eit mykje, mykje større utbytte av solfangarane mine. Grin

Sidan eg får varmt forbruksvatn frå anlegget så kjem eg nok aldri til å klare meg heilt utan å fyre i lengre periodar, for dette krev rimeleg varmt vatn i akkumulatortanken. Det er snakk om eit temperaturfall på 10°C over varmevekslaren, så for å få 50°C i krana må eg ha minst 60°C i tanken. Golvvarmen treng gjerne berre 40°C ut frå akkumulatortanken, så det er ei anna sak. Uansett, viss eg kanskje kunne sleppe med å fyre med eit par vekers mellomrom (eller meir) om sumaren så kjem eg til å spare mykje ved. Me får sjå! Smile