(trådstarter)
   #111
 2,987     Vestlandet     0
Gode tips, TDJ.
Denne pipa heng saman med bereveggen i Leca i kjellaren, så noko sidevegs støtte får den nok der. Kor mykje er vanskeleg å sei, då overgang er pussa.
Eg vil nok ikkje meisla denne banketten med maskin, for å unngå vibrasjonar i pipa. Massane under ser ut til å vera knallharde utifrå det eg har pirka borti området når eg har tatt resten av sålen. Det ser ut til å vera bygd opp under denne banketten med relativt stor stein. Det eg har behov for å fjerna er faktisk heile betongbanketten ned til steinen som ligg der. Ny betongsåle vil då ikkje koma høgare enn akkurat til underkant av pipa (om den går like langt ned som bankett på grunnmur). Eg kan nok leva med om dette området vert utan isolasjon under sålen, så lenge eg slepp denne betongklossen stikkande opp av golvet. Eg vil tippa det ikkje er armert i denne banketten, då sålen ikkje var armert, men det vert spanande å sjå.

i morgon/fredag får eg forhåpentlegvis leigd maskin og lånt kiler til å dela dei største steinane i kjellaren. Går det greit tenkte eg å prøva meg på pipa i helga.

Plan:
kutta vekk betongen med vinkelslipar heilt inn til pipa (betongbanketten er om lag 20cm tjukk).
Fjerna stein der betongbanketten stod, men ikkje heilt inn til pipa pga stabilitet for det som er under pipa.

God plan?
Signatur

HSt
   #112
 37,785     Lillestrøm kommune     0
Areal utvidelsen kan spre vekt over større areal så jeg ville ikke fjernet denne helt.
  (trådstarter)
   #113
 2,987     Vestlandet     0
Tenkte å fjerna betongbanketten heilt, så den vil stikka opp midt i ei døropning. Men at massane under van vera i ei "pyramideform" opp mot sjølve pipa kanskje.

På venstre side av pipa kan eg evt. la det stå igjen noko av betongen, då dette vert del av ein gang. Der kan jo denne dekkjast av eit skap eller liknande.

Men sjølvsagt heilt klart å føretrekkja om eg kan få vekk heile denne klossen.

Eg anar ikkje kva ei slik 7 - 8m Lecapipa veg. Ikkje veit eg kor mykje massane under evt held heller. Sjølve pipa har nok ikkje meir enn om lag ein kvart kvadratmeter fotavtrykk å fordela vekta på. Vereveggen i midten av kjellaren er ikkje meir enn ca 15cm tjukk, så ca. 1,7m lengd av bereveggen har det same fotavtrykket som pipa.
Signatur
jaf
   #114
 6,419     tromsø     0
Understøp en klosse på 30x30x60cm. Komprimer understøpingen med en 2x4 og stamp. Gjerne på siden. Det er tryggere en sand. Bruk gjerne singel og steiner som er kløyvt fra kjeller i støpen som fyllmasse. Lå kanten stå ut som på bilde.La kanten stå ut, gjerne midt i døren. Så graver du ut på andre siden. Lar betong renne inn overalt, når du støper nytt gulv. Støpen vil omslutte stein på storleik med kokosnøtter - vannmelon under klossen Så tar du ferie etter å ha støpt.  Når du vil ha bort kant. Svekk kanten litt med vinkelsliper, 5cm og hugger bort hele sokkel og hiver ut av kjeller.
  (trådstarter)
   #116
 2,987     Vestlandet     0
Høgd på betongsokkel/bankett
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo

Høgd frå topp sokkel ned til utgravd såle
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo

Utstikk på høgre side av pipa. Banketten/sokkelen stikk om lag 30cm ut frå pipa på denne sida.
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo


Utstikk på venstre side av pipa. Banketten/sokkelen stikk om lag 50cm ut frå pipa på denne sida.
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo


Utstikk i front av pipa. Banketten/sokkelen stikk om lag 20cm ut frå pipa på denne sida.
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo

Bak pipa går bereveggen i kjellaren,så eg kjem ikkje til på den sida.
Overkant av tenkt ny betongsåle vil vera 5 - 10cm lågare enn underkant av denne betongklossen.
Eg håpar på å få gjort noko med denne før støyping av ny betongsåle. Om ikkje ser eg for meg langt meir arbeid med å fjerna dette etterpå.
Signatur
jaf
   #117
 6,419     tromsø     0
Bare la sokkel stå. Siden sokkel er 50cm høy. Da er nok å grave 20cm under fundament på siden og støpe en firkant på 60x80cm. (gjerne 60x120) La firkanten stikke 20cm inn under pipesokkel og 40cm ut i rommet. 20cm ned. Fyll firkant med betong, komprimer betongen litt. Tørr betongblanding med 20-30% singel. Kast gjerne i noen steiner, på appelsin størrelse. La firkant komme noen cm under ferdig gulv (Slik at den blir skjult av nytt gulv).

  (trådstarter)
   #118
 2,987     Vestlandet     0

I dag har eg fått leigd meg denne
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo

For å prøva å få has på denne.
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo

Laserstreken viser kor mykje eg må få vekk.
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo

I tillegg er det 3 andre steinar eg må prøva å få tatt 5 - 10cm av. Desse er ikkje fult så prekære, då eg kan "juksa" det til med mindre singel, isolasjon og evt. betong der. Dei vil uansett ikkje stikka opp av ferdig golv, det vil denne.

Eg har 32mm bor på 45cm og får lånt 32mm kiler seinare.

Eg lurer på å bora horisontalt, for å kila av toppen i eit stykke. Går det?

Kor djupe hol må borast for å kila? Er det slik at ein får sprekt opp like langt/djupt som eg borer?


Signatur
jaf
   #119
 6,419     tromsø     0
3 hull rett ned på rekke ovenfra eller 45 grader fra side . Så deler du dem i 2 ? Bor 20cm ned. Bor litt sakte og blås i hull med liten kompressor ? Kanskje det er lettere å få ta i trollkraft fort ? Selv om jeg foretrekker kiler..Slik ser "ekte" kiler ut https://www.fjellkiler.no/produkter/6-stk-20-mm-kilesett-for-a-dele-stein-og-fjell-smidd-kile/
   #120
 132     Kristiansund     0
I fjell, så borer jeg like dypt som kilen er lang. Det trenger du ikke her. Dette blir mer som å splitte en frittliggende stein, som er mye lettere.
Signatur