7 760    173    13  

Komlo skal grava ut av kjellaren sin

 2 706     Vestlandet     0
Starter ny tråd på dette, då eg har lest og søkt råd i ein del andre trådar på forumet. 

Kort om utgangspunktet for prosjektet: 
-Sokkeletasje på 81kvm
-2 sider delvis (nesten heilt) under terreng og to sider mot fri. Skrå tomt
-220cm - 225cm takhøgd i dag. Ujamn høgd på golv
-Om lag 10cm uarmert betong, ingen isolasjon under
-Grus sand og større stein (sitron til vannmelon storleik) under betong
-Bærevegg i Leca i husets lengd om lag midt i, samt 3 mindre veggar i tegl, som sannsynlegvis er sidevegs støtte for grunnmur. 
-Bankett på grunnmur ligg om lag 17cm under topp av dagens betonggolv, bankett går om lag 20cm ned. 
-Det er drenert og isolert 10cm utvendig.
-Kjellaren er ikkje i bruk i dag, ana enn til lagring og vaskemaskin og tørketrommel. 

Førebels plan: 
T-enkjer å grava ut av heile kjellaren og få støypt nytt golv i ein omgang. Meir effektivt, men tar lenger tid før noko av kjellaren kan takast i bruk. 
-Fjerna 10 betong (meisla med meiselmaskin, leiga minigravar med pigg eller ruta opp med betongsag).
-Grava ut om lag 30cm massar under betong med spade og trillebår eller leiga sjølvlastande minidumper). 
-Deponera alle massane ved enden av tomt om lag 30m frå kjellardør (ingen trapp), då tomt skal planerast seinare og eg kan fylla jord over. 
-Flytta/byta avløpsrøyr
-Planlegg ikkje å understøypa veggar. 220cm + 37-30cm = 257 - 258 som utgangspunkt.  
-Byggja opp att med betong, 10cm xps og røyr for VBV. Beste oppbygging av nytt golv har eg ikkje peiling på, og tar gjerne i mot innspel på. 

Framdrift så langt: 
-Har rydda litt og montert 5 hyller i garasjen for å flytta rotet frå kjellaren inn i garasjen medan eg jobbar med kjellaren. Ikkje komen imponerande langt med andre ord. 

Eg skal få tatt nokre bileter av prosjektet. Og så skal eg oppdatera med drøssevis med spørsmål undervegs. 

Signatur

  (trådstarter)
   #1
 2 706     Vestlandet     0
Starta med dette prosjektet i dag:
Komlo skal grava ut av kjellaren sin - USER_SCOPED_TEMP_DATA_MSGR_PHOTO_FOR_UPLOAD_1552745348989.jpg_1552745355059.jpeg - Komlo

Skal saga ut 90cm ooning til dør mellom tilbygd garasje og kjellaren, før eg fyller garasjen med rot.

Det vart ikkje stor suksess.

Fekk leigd meg ei bensindreven ringsag som kutter 27cm djupt. Etter litt rydding og klargjering starta eg saga med æresfrykt (aldri brukt før og redd alt motoriser som brågar og går rundt). Fekk omsider start på den og kappa meg eit grunt føringsspor. Dette var beintongt arbeid, som gjekk seint. Etterkvart kom teknikken seg, og det gjekk fortare Eg kom meg nesten heilt gjennom alle 22cm med betong loddrett på eine sida. Men i mellomtida hadde stort sett alle delar på saga rista laus. Eg gav meg på det, då eg ikkje vil risikera å øydeleggja ei leigd sag. Det viser seg at den har fått omtrent nada vedlikehald. Litt frustrerande.

No skal den saga få litt service, så får eg fortsetja når den er ship shape igjen. Eg må kanskje nøya meg med ei som skjører 12-15cm. No er i alle fall teknikken ein del betre, så eg trur resten skal gå på mindre tid.
Signatur
   #2
 1 733     Sørlandet     0
Man bør bruke to sager. En for styrespor og ringsaga for det den første ikke klarer. At utleieselskapet leier ut den ene uten den andre viser å lite peiling de har.... reflekteres vel i vedlikeholdet og....

Ps: sag 92cm bred åpning. Minimum;)
  (trådstarter)
   #3
 2 706     Vestlandet     0
Kva type sag bør nyttast først, for styringsspor? Eg festa eit panelbord som eg la saga mot for styring i starten.

Har forøvrig brukt 230mm vinkelskipar med diamantblad på eit vindauge tidlegare. Det tok 2 dagar😁 Ein dag med kutting frå begge sider, så boring av hol så tett som mogleg. Ein dag for slegging og meisling. Det orkar eg ikkje igjen.

Eg har målt opp 91cm. Kvifor bør det vera større? 

Når det gjeld firma, så skal eg ikkje klaga på dei. Dette er ikkje ei sag for utleige, men ei dei brukar. Eg har likevel fått leiga den. Forøvrig seriøst firma. 
Signatur
   #4
 257     Stavanger     0
Spennende prosjekt du har på gang her, har ventet på at du skulle opprette deg en egen prosjekttråd for denne kjelleren!
  (trådstarter)
   #5
 2 706     Vestlandet     0
Det var vel på tide. Det har vore ein del andre prosjekt på gang, som har gått litt seint. Men no ser det ut som det nermar seg.
Signatur
ITW
   #6
 296     H-Fest     0
Morro å se at du er igang, må følge denne.

Som nevnt over sørg for å kappe brett nok med engang, er lettere å shimse med tre enn å kappe 2 ganger i betong.
Å kappe bredere er for å ha mulighet å justere dørkarm, om kuttet er litt skjevt er det greit å ha litt å gå på.

Å grave ut hele i en smell er også en god løsning.
Til oppbygning er det greit å få ett lag med drenerende masse i bunn, f.eks singel 8-16mm

Så fra dagens gulv har du ca 37cm til bunn av vegg og det er ca så langt du graver ned for gjenoppbygning?

Hva satser du på å få av ferdig takhøyde fra betong?

  (trådstarter)
   #7
 2 706     Vestlandet     0
Ja, passar på å kappa ut nok til dør, pluss å ha litt å gå på. Mest sannsynøeg vil me kun ha 80cm opning med utanpåliggande skyvedør eller noko slikt der, men ettersom me ikkje er 100% sikker endå, tar eg 90cm+ opning. Oppover vert opninga for stor, så der må eg fora ned litt.

Ja, eg har lurt litt på om eg bør ha singel/pukk (usikker på kva som er rett ord) nedst, og evt kor mykje.

Frå dagens golv er det om lag 37 - 38cm ned til botn av vegg. Dette kan sikkert variera rundt huset. Det er så langt ned eg satsar på å grava før gjenoppbygging. Dette for å unngå understøyping av grunnmur, som vil gjera prosjektet langt meir omfattande. Eg vil altså grava så langt ned som er forsvarleg før eg må understøypa grunnmur.

I utgangspunktet har eg planlagt 10cm isolasjon + 7cm armert betong over = 17cm. Då står eg igjen med om lag 240cm før laminat og himling, kanskje litt meir viss eg er heldig. 240cm er ikkje noko absolutt mål for meg, men ønskjer sjølvsagt størst mogleg takhøgd når ein først er i gang. Eg tenkjer alt over 230cm er bra.

Eg har ikkje heilt greidd å finna ut av beste oppbygging av nytt golv heller, så her er eg absolutt open for innspel. Betong under eller over isolasjon, ingen betong, 10cm eller 15cm isolasjon (eg har nok til 10cm liggjande), eller noko heilt ana er eg fortsat litt usikker på.
Signatur

ITW
   #8
 296     H-Fest     0
Viktigste er at du er sikker på at dreneringen utenfor er dyp nok, dette er nok den største faren, vet du selv hvor laveste punkt på dreneringen er i kjelleren som skal graves ut?

Vist kjelleren er tørr uten noe fukt etter du har gravd ut er nok ikke laget med singel så viktig, men kan være greit å ha 5cm bare for å hindre jord fukt opp i isolasjonen, XPS tåler fukt så er ikke så farlig.
Nå er også singel mye lettere å rette av før du legger isolasjonen for å få det beint.
   #9
 646     Trondheim     0

Hei,

Har straks gravd/pigget/borret ut 60m2 selv fra en kjeller med OK takhøyde men ujevnt gulv/dårlig betong og ingen isolasjon mot grunn.

Min plan når jeg er ferdig er:

-Blåse in lecakuler for avretting/iolasjon da det er lettvint og isolerer litt, deretter ca 10-15cm Kingspan Kooltherm K3 da de isolerer en god del bedre enn EPS/XPS, rør for vannbåren varme i 50mm flytstøp på toppen. Dette gulvet vil ikke ha bærende elementer eller noen enorm punktbelasting.


Mvh,
Kristian
  (trådstarter)
   #10
 2 706     Vestlandet     0
ITW Drenering vart gjort i fjor. Drensrøyra er lagt under grunnmur.

Eg har til no kun tatt eit prøvehol. Der har det vore tørt og fint heile tida. Det ser ut til å vera sang, grus og stein under såle. Er eg heldig, kjem eg ikkje ned til jord i det heile.

varg, kva er Kingspan Kooltherm K3 ? Det har eg aldri høyrt om. Eg har xps300 liggjande, så eg må nok bruka det.
Lecakuler innblåst er sikkert lurt, men eg ser for meg at det er dyrt. Har du fått pris på dette?

Golvet mitt skal forøvrig ikkje bæra noko heller, så eg tenkjer så tynn såle som eg kjem unda med.

Me har tenkt å leggja røyr for vbv i golvet. Derfor vurderer eg betong over isolasjon, då det vert enklare og billigare med røyra.
Signatur