(trådstarter)
   #201
 2,984     Vestlandet     0
Godt tips.

Mdf vert det ikkje. Tenkte på innvendig trepanel som er behandla før montering. Helst ikkje malt pga oppsprekking. Men kva typar panel som er å få tak i har eg ikkje sat meg inn i. Men panel er det eg har greidd å koma på som er mest ope. På skiljeveggar/innvendige veggar mellom like varme rom er vel ikkje plater noko problem?

Bad og vaskerom trur eg får xps på veggar. Der kan det limast flis eller plater rett på xps. Eg må berre tenka ut ei god løysing for oppheng av servantskap og slikt.
Signatur

jaf
   #202
 6,305     tromsø     0
Burde gå bra med plater på "varme" skille vegger. Husk ingen plast på yttervegger.
  (trådstarter)
   #203
 2,984     Vestlandet     0
Plast vert droppa på veggar under bakken. Det skal vel vera plast på veggar som er over bakkenivå?
Signatur
jaf
   #204
 6,305     tromsø     1
Ja, vegger over bakken "puster" utover. Vegger med styrofoam på betong, må få puste innover. Siden styrofoam er tett= bare plast.
  (trådstarter)
   #205
 2,984     Vestlandet     0
Fekk eit par timar til å dilla på i kjellaren i dag. Det lukta svidd av meiselmaskina etter om lag 5 min., så det vart fort stopp. Demonterte den igjen og blas den rein for støv med kompressoren. Det viste seg at eine grafittsriften/børsen hadde løsna heilt frå fjøra. Eg reknar med dette var årsaka, så dei vart byta.

Fekk meisla 3 - 4 m av banketten etterpå. No har eg om lag 10 meter igjen av inste langvegg. Her ligg det sjølvsagt armering i den delen eg meisla, så det går trått. Spissmeiselen min har òg vorte rimeleg butt. Får håpa maskina held til eg er ferdig. Står eg på litt kan eg få det gjort i løpet av veka.
Signatur
  (trådstarter)
   #206
 2,984     Vestlandet     1
No står det berre eit par meter med bankett igjen. Eg håpar på å få tid til det i løpet av helga.

Sist veggen har gått veldig seint. Kanskje eit par meter på ein time meisling.
Signatur

  (trådstarter)
   #209
 2,984     Vestlandet     2
Ferdig å meisla bankett!

Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo

Godt det er over. No trur eg meiselmaskina syng på siste verset.

Får sjå om eg rekk å bera dette ut i morgon, og kanskje få tømt kjellaren.

Nå må eg få bestilt singel, meir xps, avløpsrøyr, vassrøyr og vassmålar.

Eg har no 273 - 280cm frå grunn til bjelkelag. Eg tenkte å fylla på med singel til 270cm, 10cm xps, 8cm betong. Då skal det vera ca 252cm frå betong til bjelkelag. 5cm xps, Sponplater og lamina vil gi 243cm frå ferdig golv til bjelkelag. VISS eg får til dette kan eg enda på om lag 239 - 240cm romhøgd. Det hadde vore litt kult.
Signatur
   #210
 5,743     OSLO     0
fyf for et arbeid! ganske rått hvis du klarer 240 som ferdig høyde, er ikke mange gamle kjellere med sånn høyde! Grin

Stå på! snart er dritt jobben ferdig! :O