(trådstarter)
   #72
 2,987     Vestlandet     0
Det er heilt sikkert mot tomtegrensa, men det er ikkje mot bebygd nabotomt. Nederste del av hagen "min" er ei ana tomt som er eigd av eit firma frå gamalt av. Det er forsåvidt ein ubrukeleg flekk dei ikkje har noko interesse av og er godt nøgde viss eg orkar å klippa graset der. Dette er ikkje akkurat eit tettbygd pressområde når det gjeld bolig, så eg tvilar sterkt på at det skulle verta nokre reaksjonar om eg skulle enda med å koma over 1/2 meter nokre plassar og. Skulle det skje, får eg massane køyrt vekk.

Elektrikaren skal kontakta kraftverket og forhpåentlegvis kjem dei og koplar om strauminntaket denne veka. Då gjenstår det berre å kopla opp midlertidige vassrøyr og montera avtrekksvifte, så er det klart for utgraving.

Eg har til saman 4 innvendige skiljeveggar i kjellaren som er murt opp av teglstein og pussa. 1 av desse står vinkelrett på grunnmur på den sida over bakkenivå, atmed ytterdør. 3 av veggane står vinkelrett på den lengste ytterveggen som ligg under bakkenivå (ca. 2m under bakkenivå). Desse veggane står oppå sålen, og vil derfor forsvinna når eg meislar opp sålen. Eg reknar med at i alle fall ein av desse veggane er bygd opp som sidevegs støtte for grunnmuren pga marktrykk. Altså for å unngå at grunnmur/kjellarvegg vert pressa innover på grunn av jordmassane på oppsida av huset. Grunnmuren under terreng er ca 13m lang. Teglsteinsveggen om lag midt på er ca 14cm tjukk og 1,5m lang. Teglsteinsveggane ca 3m frå denne på kvar side er ca. 7cm tjukke og 1,5m lange. Ein kan sjå desse 3 veggane på siste bilete i post 51.

Eg TRUR det er greit å fjerna desse veggane MIDLERTIDIG, for så å mura opp igjen oppå den nye sålen. På utsida er det tilbakefylt med pukk i heile høgda og ca. 1m breidd. Det er knotteplast og 10cm XPS på utsida av grunnmur. Ved utgraving til drenering var sideveggen på grøfta loddrett. Dette gjer at eg TRUR det ikkje er særleg trykk mot veggen, i alle fall på kort sikt. Grunnmur er rett over 20cm tjukk betong. Ingen sprekker, riss eller skader etter 50 år. Kan eg trygt ta sjansen?
Signatur
  (trådstarter)
   #73
 2,987     Vestlandet     0
I dag har eg testkjørt rampa og forskalinga i hagen med nokre trillebårlass.

Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo

Det er mykje rund stein som trillar godt.
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo


Eg hadde tenkt å trena i dag, så eg tok heller ei økt i kjellaren. Mest fordi eg var nysgjerrig på kor mykje arbeid det er for hånd. Dette fekk eg gjort på ca. 3,5 timar. 18 lass med trillebår. Eg trur eg må rekna i alle fall ein time per kvadratmeter. Som forventa var det som tok mest tid å få spadd massane opp i trillebåra. Det er litt grus og mykje stor slagg, så det meste må lirkast ut og hivast i trillebåra for hand.
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo




Signatur
   #74
 5,730     0
Ser bra ut.
Eg trilla ut 25m3 med trillebår i et tilsvarande prosjekt, går greit det og, eg brukte 3 veker.
   #75
 130     0
Jeg holder på med samme opplegget og synes det har vært greiest å dra en hakke igjennom grusen for å løse litt opp i det og så dra opp grusen med en 5L murerbøtte.
  (trådstarter)
   #76
 2,987     Vestlandet     0
3 veker er imponerande, oblygre. Då har du jaggu stått på.

Eg har vel 30 - 35 kubikk eg ønskjer å fjerna. Eg er helt sikker på at eg hadde fått det gjort for hånd. Men det hadde nok nerma seg sommarferie før det var ferdig. Å få laus betongen med slegga, å trilla det ut med trillebår og å spa opp grus går eigentleg ganske radig. Det er det at massane stort sett er stein som er for stor til å spa opp som er mest arbeidskrevande.
Signatur
HSt
   #77
 37,783     Lillestrøm kommune     1
Skal en løfte masser som ikke er for grove så er krafse og krafsebrett det som er aller best

  (trådstarter)
   #78
 2,987     Vestlandet     0
No har eg reve 4 av 4 teglveggar i kjellaren (dei tynnaste).

I dag får eg, forhåpentlegvis, kopla om vatnet.  

Då gjenstår det å få kopla om straumen og få inn vifta som far min fann på jobb, før det er klart for maskiner. Eg må henta minidumperen med hengar og får minigravaren levert på fredag.

Slik ser det ut der eg har gravd ned for hand. No lurer eg på kor djupt eg kan grava. Kant i kant med inderkant av bankett? Nokre cm under bankett? 
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo
Siste redigering: Monday, March 30, 2020 11:38:27 AM av Komlo
Signatur
jaf
   #79
 6,419     tromsø     0
Hver langt ned vil du. ? Det er vel lite vits å bytte sand ut med singel ? Sand er jo drenerende ? Du kan nok gå 20-30cm ned. Hvor langt vil du ned ?
  (trådstarter)
   #80
 2,987     Vestlandet     0
Underkant av bankett er ca. 255cm under bjelkelag. Eg trur eg må rekna meg om lag 5cm til himling. Då er det ca 250cm frå etasjeskille ned til underkant av bankett.
Eg har 10cm isolasjon eg skal bruka og tenker ca 7cm armert betongsåle. Med spon og laminat kan eg då rekna om lag 20cm tjukkleik på golv. Det gir romhøgd på ca 230cm, eller litt mindre, om eg startar frå underkant av bankett.

Kan eg grava meg t.d 10cm lavare enn underkant av bankett? Då vil eg enda på bortimot 240cm romhøgd. Det er jo supert.

Eg planlegg å grava ut heile kjellaren i ein omgang.
Topp av utvendig drensrøyr ligg akkurat lavare enn underkant av bankett. 

Eg vil unngå understøyping. 
Signatur