(trådstarter)
   #91
 2,987     Vestlandet     0
Hadde eg visst det, skulle eg ha fått pigga meir av golvet på førehand.

No er i alle fall betoneng meisla opp og trilla ut. Det var tungt! 81kvm = ca 10 kubikk. 
Signatur

TDJ
   #92
 1,649     Asker      0
No er i alle fall betoneng meisla opp og trilla ut. Det var tungt! 81kvm = ca 10 kubikk.

Imponert over fremdrift !!:)
Det går unna, morsomt å se bildene etterhvert !

Kan forøvrig underskrive på kroppslig slitasje (mentalt også...) ved flytting av stein/masse.... flyttet rundt ca 20-30 m3 granitt egenhendig (ingen maskiner tilgjengelig og ingen "polakker" som orket..) under utgraving av min kjeller. Sliter fortsatt med "labrum" (i følge lege og fysio..) 4 år senere... , men noen minner skal man jo ha her i livet Grin
Signatur
  (trådstarter)
   #93
 2,987     Vestlandet     0
Heftig, TDJ.

Kameraten min som er minigravar har vore enorm hjelp. Han har site i minigravaren og holdt på stort sett konstant sidan me starta. Ivrig er han og. Eg målte 305cm opp til bjelkelaget der me tok ut sist🙂 så litt må me jevna ut.

Skal knipsa fleire bilete i løpet av dagen.
Signatur
  (trådstarter)
   #94
 2,987     Vestlandet     0
Så langt kom me i dag
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo

Her møtte me sjølvsagt på det som ser ut som fjell. Dei innerste 2m av denne lelen, frå vegg til vegg.
Når me undersøkte litt kan det sjå ut som ei blanding av ei betongplata og nokre svære steinar.
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo
Til no har eg hatt flaks og kun møtt på stein som har vore akkurat så stor at eg har greidd å få den ut. Eg har maskinene nokon timar i morgon, så eg får prøva å meisla litt i det. 

Avløpsrlyra er kopla vekk, for å berga dei midlertidig, så no går alt rett ned i klellaren. Eg må prøva å få det på plass igjen i morgon. 

Avløpet frå kjøkkene har eg greidd å slå hol i ein plass. Skal sjå om det går an å lappa det midlertidig. 
Signatur
   #95
 1,076     1484     1
er det stein som er så grov at den er vond å få ut, borr opp hul og slå inn kiler, alternativt bruk ekspanderende mørtel.
Fungerer fin-fint !
Signatur
  (trådstarter)
   #96
 2,987     Vestlandet     0
Ja, det er planen viss dette viser seg å vera for stort. Då prøver eg å grava ut rundt, og få sprekt det seinare. Akkurat før eg måtte på dette tenkte eg at eg hadde jaggu hatt flaks som ikkje hadde møtt på noko slikt.

Dei delane av kjellaren som no er ferdig utgravd, har no ca. 280cm opp til bjelkelaget, alrså 55 - 60cm under topp av gamalt betonggolv.. Her er det igjen noko stein som må berast ut og så må det krafsast litt ut frå hjørner, fiksast litt og slikt.

Signatur
   #97
 1,076     1484     0
har du bormaskin, handle noe kiler og ta de med en gang. Ingenting er mer demotiverende enn å gå se på digrer, faens stein i ukevis, og lure på " åssen i huleste".....
Signatur

  (trådstarter)
   #98
 2,987     Vestlandet     0
Ja, skal få tatt det så fort som mogleg. Men no har eg berre maskinene nokon timar igjen i morgon. Så då må eg prioritera å få ut så mykje massar som mogleg på den tida. Eg har eit lite håp om at eg kan få ut resten før minigravaren vert henta.
Signatur
  (trådstarter)
   #99
 2,987     Vestlandet     0
Minigravar vart køyrt ut 1700 og henta 1800.så var det å vaska dumper og levera den. Eg trur eg har fått ut 90% av massane som skal ut no. No gjenstår det ein del turar med trillebår før resten er ute.

Eg har fortsat litt betong som må meislast. Eg lurer på om det er dumpa restar frå støyping avgrunnmuren eller noko slikt. I soste rommet møtte eg sjølvsagt på fjell, eller enorm stein. Så eg lyt nok til å kila. Men det vert ikkje i kveld, eller i morgon.

Eg rakk ikkje ta bilete i kampen hete i dag. Det vart litt hektisk. Skal få lagt ut bilete i morgon.
Signatur
  (trådstarter)
   #100
 2,987     Vestlandet     0
Slik ser det ut:
Her la me massane i ein haug med minigravaren og laga ei "rampe" av massar nedover mot haugen. Då fungerte sjølvlastinga til minidumperen nokonlunde. Med hjelp av minigravaren fekk me då lasta dumperen litt fortare.
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo

Dei område som er best utgravd, har no 290 - 300cm ipp til himling. Der er det altså tatt ut om lag 75 - 80cm. Langt meir enn eg såg for meg med andre ord.
Signatur