jaf
   #141
 6,419     tromsø     1
Biltema maskinene er slik at clutch blir slapper og slappere ved slitasje. Til slutt tar ikke clutch. Ta fri en uke. Ikke slit deg ut. Du har vært super effektiv..

  (trådstarter)
   #142
 2,987     Vestlandet     0
Aha. Kanskje det kan vera det som har skjedd med leigemaskina.

I morgon får eg hjelp til å løfta ut siste biten av steinen som skal ut. Eg greidde ikkje få den opp av grøfta.

Eg skjønar ikkje heilt kva eg tenkte på når eg delte steinen i 4. Litt vel stor tru på eigne evner å tenka at eg skal bera ein kloss på sikkert over 600kg ut døra🙂

Desse fekk eg ut.
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo

Denne står igjen
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo

Når eg har fått dette ut og krafsa det flatt, vert det nok litt pause medan eg prøver å finna ut av plassering av røyr og slikt.
Signatur
HSt
   #143
 37,791     Lillestrøm kommune     0
Ikke hold så hardt i maskinen, den skal egentlig få lov å jobbe selv. Der jeg må tenke meg om er når jeg borer nær søyler o.l der et håndledd kan komme i beknip. Ellers har jeg bare latt maskinen snurre ledningen rundt boret de få gangene den setter seg fast. I noen av tilfellene er det når boret knekker, men har ikke tatt mer enn 3-4bor på mange år.
  (trådstarter)
   #144
 2,987     Vestlandet     0
Ja, har forsøkt å halda lett i maskina, og la den jobba ganske fritt, men når den "høgg" litt må eg jo ta i litt meir. Etterkvart som eg vert sleten og ugunstig arbeidsstilling, spesielt ved boring horisontalt, gjer sjølvsagt at det vert vanskelegare. Det var nok og grunnen til at eg sleit ut første bor. No har eg slitt ut 3 bor. Det første var nok fordi eg pressa for mykje på maskina når eg bora horisontalt, som gjorde boret for varmt. På dei andre to bora passa eg veldig godt på å ikkje pressa, sørgja for at det ikkje vart varmt, tok pause i boringa etter nokre cm, blas støv ut av hola med kompressor og lot bora kjøla seg. Eg unngjekk då at bora vart varme. Likevel knakk delar av skjæret av etterkvart. Dei varer nok ikkje evig, sjølv om dei er dyre.

I dag er einaste planen for kjellaren å få ut den delen av steinen som står igjen. Klypene, handleddene og korsryggen er litt stive no. Å bera og trilla ut massar går ganske greit, men eg undervurderte kor tungt og mykje arbeid det var å bora opp i stein.

Naboen foreslo å berre fjerna heile pipia mi i kjellaren. Er det gjennomførbart å fjerna den delen som er i kjellaren og på eit vis støtta opp resten på bjelkelaget til første etasje?
Det vert då 1 1/2 etasje Lecapipa på bjelkelaget. Dette er rett ved berevegg under, og eg kjem til frå underside for å evt. forsterka bjelkelag så mykje det trengs.
Feieluka kan vel kanskje etablerast i same etasje som vedovn?
Eg kika såvidt på stålpipa til ovnen. Hadde jo vore fint med pipa kun oppå ovnen. Men dette var overraskande dyrt per meter og havnar vel fort på nokre titals tusen. I tilegg vert det vel ein del arbeid med å etablera ny gjennomgang gjennom taket (dette har eg ikkje snøring på).
Eg har ikkje noko behov for pipa i kjellaren, ana enn feieluka og å støtta opp resten av pipa. Eg vil ha golvvarme i kjellaren og vil sannsynligvis ikkje få plass til ein ovn der seinare heller. I hovudetasjen fyrer eg mest for kosen sin del.
Signatur
HSt
   #145
 37,791     Lillestrøm kommune     0
Jeg har 2 bor i bruk fra Irwin og de 3 jeg har knekt før (2bosh og ett Irwin) og har ikke slitt ut et bor enda. Enten går det varmt hos deg eller så er bor og maskin ikke venner. Noen skrev at for liten slag styrke ville sløve bor, men jeg vet ikke. Jeg har jo boret i så mange dager de siste årene at jeg egentlig har gått ut av tekking. Jeg bruker kjøle bor i en isboks halvfull med vann, det skal kjøles før det blir varmt.
  (trådstarter)
   #146
 2,987     Vestlandet     0
Det første boret har heilt klart gått varmt, og vorte slitt ut på grunn av det. På dei andre to bora tok eg "alle" førehandsreglar, og sørgja for at bor ikkje vart varmt med å gi det kjøling i vatn etter kort tid boring. På det eine knakk ytterste del av det største skjæret av i bitar. På det andre knakk dei to små skjæra rett av. Eg veit lite om maskina eg brukte, ana enn det var ei relativt stor Milwaukee maskin med langt kraftigare slag enn Biltema si på 12 Joule. Eg køyrde maskina på låg fart på borerotasjonen. Men men, no er eg no heldigvis ferdig med boringa for denne gong.

- stein ut av kjellaren i dag.
- fylla gropa og retta av resten av massane, samt fjerna rampar lagt opp av massar og ein del stein i morgon og sikkert laurdag.
- så lyt eg planleggja korleis eg skal leggja nye røyr og plassering av vassinntaket, samt finna ei løysing på pipa. Røyr og pipa ønskjer eg å ha klart før eg avrettar med singel.
Signatur
  (trådstarter)
   #147
 2,987     Vestlandet     0
Eg har ikkje fått gjort særleg i kjellaren i helga. Fekk krafsa utover litt massar i går. No ser det ut som eg ender på nærare 280cm opp til bjelkelaget i snitt i den ytste halvdelen av kjellaren. Det er jo litt nedtur å måtta ta arbeidet med å trilla inn meir enn 2 kubikk ekstra med singel her for å få same høgd i heole kjellaren.

Eg oppdaga, til stor glede og entusiasme, ein ny stein som stikk for langt opp under grunnmuren på den eine sida. Eg har levert frå meg boremaskin og kiler. Steinen er for stor til å flytta heile (om lag 2/3 av den stikk ut på utsida av grunnmur), men det er berre om lag 25x25cm som stikk opp. No er eg så lei dette at eg vurderer å berre la den liggja, slik at betongsålen akkurat dekkjer den. Då får eg kun dei 5cm oppå sålen med isolasjon over denne.

satsar på å få ålanert massane som er igjen i kjellaren no i løpet av denne veka. Etter det må eg vel:

1) planleggja og leggja nye avløpsrøyr
2) planleggja og få lagt inn nytt vassrøyr med stoppekran og vassmålar.
3) virdera om eg skal leggja nokre av RIR røyra under sålen
4) Finna ut kva eg gjer med banketten til pipa. La den stå, fjerna den, fjerna pipa i kjellaren?
5) Finna ut om eg kan/bør fjerna delar av innvendig bankett på grunnmur, då såle ikkje kjem over denne.
6) Leggja singel og avretta.
Signatur

HSt
   #148
 37,791     Lillestrøm kommune     0
Du kan legge mer isolasjon den veier ikke noe, evt start med å legge et lag der det er dypest og planer singelen rundt før neste lag. Jeg gjorde det slik med fjell jeg ikke orket å fjerne på hytta, lagde bare hull i 1.lag
  (trådstarter)
   #149
 2,987     Vestlandet     1
Det ser ut som høgda vert nokonlunde lik i heile kjellaren likavel.

Eg fekk ikkje gjort noko i kjellaren i helga, men har fått jobba nokre timar i dag.

Slik ser det ut no. Dei største steinane har eg køyrd ut i tillebår. Dei litt mindre har eg fått skild ut med jernriva og fordelt utover. Haugen der er grusen, som eg legg på toppen. Det vert litt "dill" og tar litt å driva å skilja massane i tre, men då får eg avretta det litt betre.
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo

Her hadde me laga ei "rampe" av massar for å koma inn og ut av inste del, samt for å bruka lastaren på dumperen. Så her låg det ganske mykje igjen.
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo

Området eg har gravd ut i dag, til venstre her, mellom røyra var stort sett kun slagg og stein, Knallhardt. Noko av det fekk eg løsna med berre spettet, men stort sett måtte eg bruka spett og slå den ned med slegga for å få løsna bit for bit. Glad eg er ferdig med det.
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo

No gjenstår det å få fordelt utover denne grushaugen, samt å få fjerna massane frå "rampa" ved ytterdøra.
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo

Her er den vetle j... len som er den siste som stikk opp. Kanskje eg greier å ta av den litt med slegga.
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo

Tredre paret hanskar som har teke kvelden sidan utgravinga starta.
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo


Signatur
  (trådstarter)
   #150
 2,987     Vestlandet     0
Ei lita oppdatering:

Det har skjedd veldig lite i kjellaren dei siate vekene.

Eg har fått fjerna messane frå "rampa" ved døra. Grushaugen må fordelast utover.
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo

I alle mine prosjekt har eg, heldigvis, vore ganske god på etterpåklokskap. Faktis langt betre på dette enn planleggjing. Her vert det bad, og såleis ikkje 5cm isolasjon over betongen. Eg fann då ut at eg ville grava meg 10cm lenger ned for å få meir isolasjon under betongen. Det er godt å ha noko å gjera.
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo

Banketten på grunnmur vert eit større oroblem enn antatt. Den stikk heile 14cm inn i rommet og stikk opp til 235cm under bjelkelag. Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo


Nå treng eg litt tips og råd.

1) kva gjer eg med banketten på grunnmuren?
Liten plass gjer at eg ikkje har lyst å lekta inn 148mm. Takhøgd gjer at eg ikkje har lyst å fylla betong opp til toppen av den.

2) Kan avløpsrøyret delvis liggja i betongen?
Slik det ser ut no må avløpsrøyr liggja i isolasjonslaget og delvis opp i betongen.
Signatur