(trådstarter)
   #181
 2,987     Vestlandet     0
1) Grøft er kanskje ingen dum ide. Eg skal sjekka mulighet for det.

1/4) Å gjera det slik, med støyping av midterste del først, kan vera redninga. Då må eg berre ha betongbil i to omgangar. Då vil den midterste 1/3 av kjellaren halda alt på plass fram til eg støyper resten. Evt. kan eg fjerna delar av banketten og understøypa ny bankett. Eg treng kanskje ikkje understøypa alt eg fjernar? Om topp på bankett hadde vore 5 - 10cm djupare, hadde eg ikkje brydd meg med den.

Kravet til den ferdige betongsålen er kun jamn nok til å kunna leggja ei lag XPS oppå, før eg legg golv. Då treng eg kanskje ikkje pussa/ståla golvet? På garasjesåle gjekk svigerfar over med "amerikanar"? brett. Det vart greit nok. Eg har ein kamerat, som er flinkare med betong enn meg, som skal hjelpa meg når den tid kjem.

Men eg har uansett ikkje funne ei god løysing for å fjerna banketten, om eg går for det. Eg ser for meg at det å meisla 10cm inn og 20cm ned i armert betong i 40m lengd er meir arbeid enn gevinst. Å saga/kutta i det vil vel bruka tallause diamantblad. Eg vil heller ikkje koma heilt inn med kutting. Boring og trollkraft er kanskje beste løysing. Kan betong kilast laus med fjellkiler? Eg kan leiga same sds-max boremaskin eit par dagar igjen. Eg har og sjølv Biltema sds+ (pinglete) og kan låna naboen si Biltema sds max (litt mindre pinglete).

5) Eg treng, no i denne omgang, berre vita "korleis eg skal plassera røyra der dei skal avsluttast i kjellaretasjen. Eg ser ikkje for meg at eg treng røyrleggjar til dette. På badet i kjellaretasjen skal eg ha vegghengt toalett bygd inn i vegg, som eg ser for meg å lekta ut 148mm. I same vegg, på sida av toalettsisterna seg eg for meg å føra avløpsrøyret (for toalett, dusj og servant) opp til badet som seinare vert bygd i etasjen over. Eg må og ha sluk til dusj (75mm røyr?) og avløp frå servant på dette badet. Eg vil berre ha røyra på plass før eg får inn betong.

Ang. røyrleggjararbeid skulle eg gjerne slept å gjera noko av dette sjølv. Når eg ser kva andre betaler røyrleggjar både for material og arbeid, er det derimot klart at eg må sørgja for å ha ein røyrleggjar innanfor døra så få minutt som overhovudet mogleg. Planen er å gjera alt eg kan få til å gjera sjølv, og bruka røyrleggjar til det eg ikkje kan få til sjølv. Greier eg 100% sjølv, gjer eg det. Greier eg 90% sjølv, må eg nytta røyrleggjar 10%. Eg skal byggja to bad og renovera alt ellers i huset, utanom reisverk. Eg har ikkje uavgrensa med pengar, så for kvar ting eg brukar pengar på, er det naturleg nok noko ana som må utgå.

6) Støypejern skal absolutt vurderast.
Signatur

jaf
   #182
 6,418     tromsø     0
Ville lagt duk, 5cm singel og så tømt betong fra singel og opp til 2,5-3 cm over underkant fundament. Slik at jordtrykk fra fundament/vegg tas opp av den nye betongen. Etter hugging av kant. Fått bil med liten pumpe på uten pristillegg. Koster kanskje 500,- mer ?

Hugging av kant. Kiler som brukes på granitt......vil lett bare løsne biter av betong. En klarer ikke presse på alle samtidig. Hvis en skal kile en stein på 1m3 er fjell kiler greit. Da setter en kiler i midten . Skikkelige kiler er ganske dyrt og en vil trenge 20-30 stk ? Hvis en borer fra overkant og litt inn i fundament (ca 12,5cm inn i bunn av fundament)(jamnt mot vegg i overkant ca 10cm inn?). Tester med å bore for hver 75mm noen meter og fylle med trollkraft. Trollkraft vil forhåpentligvis presse sakte og samtidig ? Da burde det løsne en lang tynn strimle med 1 jern i ? En skikkelig trykkluft bor med kompressor ute, vil bore 1 hull i sekundet. Fint å tenke på når en står og "filer", med en billigmaskin ? 

5). skal det være rør midt i huset ? Kan du støpe rommet uten å tenke rør ? Det er litt mer håndterbart, når halve kjeller er støpt ? Da kan en kjøpe inn rør og senke skuldre litt ?

Lag en skisse og ta en prat med rørlegger ? Koster mindre en å gjøre det 2 ganger ? Få en avtale med at rørlegger kan se over og eventuelt avtale at han leverer matriel og legger opp rør i rør senere ? Jeg får legge opp strøm ) trekke kabler og legge rør av rørlegger. Så kobler de. Da kommer en langt for 25 000,- for å si det slik. Betaler moms og skatt. Får kvittering. Får lov å gjøre den skitne jobben selv...En gang brukte jeg 1 helg bare på å bore og trekke kabel gjennom fra 1 rom til et annet. Traff en gammel smidd spiker. ødela 2 borer, knakk gir på el drill. Greit å ikke betale en elektriker på timer for slikt. Elektriker synes det er greit å slippe. 

Det kan være greit å leie inn en betongmann i 2 timer, når du støper gulv. Sett gjerne opp høyder med små plugger i fundamentkant for å markere rett høyde. For å slippe å måtte avrette i 2 måneder etter gulvet er ferdig..Da kan betongmannen bare sjekke høyder og pusse. Men du tømmer. Med betong, får en bare 1 sjangs.
Siste redigering: Friday, May 29, 2020 8:19:28 AM av jaf
  (trådstarter)
   #183
 2,987     Vestlandet     0
Planen for sjølve støypejobben:
-få bil med pumpa og slange inn eit vindauge/dør. Det veit eg betongfirma har.
-ha tydeleg markert riktig nivå langs alle veggar på førehand.
-få med meg ein eller to eg kjenner som kan dette. Om ikkje dei har høve, leiger eg firma dei timane det tar.
-Hadde tenkt å støypa heile sålen i eitt, men må vurdera å gjera det i fleire omgangar.

Røyr:
Avløp går ut om lag midt i kjellar. Avløpet skal delast til 3 punkt heilt til ytterkantar.
-avløp må altså vera klart før betong.
-eg skal kontakta røyrleggjar for råd. Han som har hjelpt meg med dei midlertidige røyra har og lova å hjelpa meg med å montera nytt vassrøyr inn.

Bankett:
-eg skal undersøkja mulighet for leige av trykkluftsutstyr. Eg veit det er eit firma i kommunen som har slikt.
-skal testa med naboen si maskin først, berre for å sjå.
-Eg er litt redd for å svekka grunnmur for mykje. Kanskje eg bør understøypa deler av den etterkvart? Ei form for ny bankett litt djupare? Dette er arbeid eg hadde planlagt å unngå, og absolutt ikkje hadde lyst til,men kanskje eg bør likavel. 

Pipa:
-All betong på framside ig høgre side er fjerna.
-ei heil del på venstre side er fjerna. 
-resten vert evt fjerna etter ny såle er støypt. 
Signatur
  (trådstarter)
   #184
 2,987     Vestlandet     0
Eg testa ei gong til med meiselmaskina og slegga på banketten i dag. Eg har no fått fjerna 7- 8 meter på eit par timar. Då er det overkomeleg. Det ser ut som delar av det kan takast med meiselmaskin og slegga, medan delar av den sikkert må borast i tillegg.

Banketten er av veldig varierande kvalitet. Vekslar frå 10cm til 25cm djup. Nokre plassar armert med to jern, andre plassar eit, og nokon plassar ingen. Nokre delar er hardt som juling, medan andre delar er nesten som smør.

No tok eg berre på veggen mot garasjen, der betongsålen til garasjen ligg på andre sida av grunnmur (reknar det då som heilt trygt), eg ein del av veggen som berre ligg 20 - 60cm under bakken (her ligg armeringa lenger inn i grunnmiren). Om det er like trygt å fjerna banketten på langveggen på oppsida/baksida av huset, som ligg under bakkenivå, veit eg ikkje. Her der det 2 armeringsjern i banketten.

Grunnmuren er ca 21cm tjukk med ca 5cm bankett på utsida, 4cm høg bankett på innsida, så 10cm bankett igjen på innsida. Altså om lag 40cm tjukk bankett totalt, 30cm tjukk etter eg fjernar 10cm bankett på innsida. Banketten kviler stort sett på stein med knyttneve til melon -storleik.
Signatur
  (trådstarter)
   #185
 2,987     Vestlandet     0
Meiselmaskina fekk eg heldigvis fiksa. Det var ledningsbrudd inni den.
Signatur
jaf
   #186
 6,418     tromsø     0
Bra at det ikke stopper opp. Spyl den hugne kanten først.Hvis du støper opp til 3,5cm over underkant fundament. Og for eksempel 15cm ned. Så plukker du vekk en å anna løs stein på størrelse med knyttneve til melon størrelse , dagene før støping. Slik at det blir godt feste under banket ? Tømmer i betong og lei gjerne betong vibrator. Da vil betongen renne som vann under banket og låse alle steiner. Steinene går jo opp i bankett og betong gulvet vil danne en helhet ? Betongen er ganske tyntflytende fra betongbil. Nesten som vann. Kanskje du kan bruke en lekte som du har saget på forhånd. Når du støper. En lekte fra underkant bjelke tak til overkant nytt betonggulv. 260cm ? Da kan du sjekke når du fyller. Bjelkelaget er vel beint nok ? Veldig arbeidsbesparende å fylle rett høyde med en gang. Ofte får en så dårlig tid at en må fylle rett med en gang.
  (trådstarter)
   #187
 2,987     Vestlandet     0
Eg har ikkje målt kor beint bjelkelaget er, men som med det meste anna på huset er, reknar eg med det er litt skeivt. Eg har blant anna 4 meter lysopning i eit rom med 45x198 bjelkelag. Der vil eg tru det er litt sig. Men eg skal sørgja for å ha ein god/enkel måte å kontrollera dette på under støyping.

Betongvibrator var godt tips. Planen, og håpet, er jo å få betongsålen til å renna delvis inn under grunnmur, der det er opning for dette. Betongsålen nokre få cm opp frå underkant av bankett.

Den forklaringa med støyping 3,5cm opp og 15cm ned forstod eg ikkje heilt. Det er tenkt som forsterking/understøyping av bankett før sålen vert støypt?

Eg skal få tatt nokre bilete i dsg.
Signatur

jaf
   #188
 6,418     tromsø     0
Først ville jeg lagt duk og singel på sand. Så ville jeg merket fundament 35mm opp fra underkant med laser. Funnet 1 punkt i kjeller og brukt som målepunkt for hele kjeller. (fundamentet er sikkert ikke beint). Boret og satt i spiker plugger for hver meter i fundament. Spiker er lett og se og ta på hvis en fyller litt for mye sement. Ville bare fylt fra spiker plugger og ned. Bare fylt på med betong opp til spikerplugger. I skille mot det område som ikke skal støpe ville jeg satt opp forskaling. I forskaling ville jeg lagt en lekte vannrett for at det nye gulvet skal få en fuge. Fugen vil hindre kantløft, og låse gulvene i hverandre. Når neste gulv støpes , vil betong renne inn i fuge. Ville bundet 1 10mm jern for hver meter og boret hull i forskaling og tredd det inn i armeringsmatte. Slik at når resten støpes, så er det gjennomgående armering. Et helt gulv vil ta krefter fra alle yttervegger, og holde fundament på plass. Inkludert pipe. 
  (trådstarter)
   #189
 2,987     Vestlandet     0
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - KomloKomlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo
Signatur
jaf
   #190
 6,418     tromsø     0
Ser bra ut. Får lyst å ta på meg støvmaske, når jeg ser på bilder. Huff for et arbeid.