TDJ
   #231
 1,647     Asker      0
P. S. å leggja røyr I røyr i betongsålen god eller dårleg idé? Eg trur det hadde vore praktisk for å få kortast strekk, men er det grunnar til å ikkje gjera dette?

På hytta (2018) er alt av RiR lagt/støpt i ned i sålen. Ser at det er slik det gjøres i alle andre hytter her også.
Tror ikke det skal være noen grunn for ikke å gjøre dette.
Signatur

  (trådstarter)
   #232
 2,987     Vestlandet     0
Takker for tips. Då trur eg det vert enklaste og beste løysing for med. Med R-I-R vert det så mange røyr at det vil vera lite igjen av ein vegg stender.
Signatur
  (trådstarter)
   #233
 2,987     Vestlandet     0
Eg har no hatt ein rådgjevar innom i kjellaren to gongar for å hjelpa meg å planleggja røyrstrekkene og bestillingslista. Det vert 110mm røyr til begge sluk og 75mm røyr frå kjøkken (50mm loddrett i vegg) og frå servant på bad.

r-i-r vert lagt under sålen, i alle fall til bad, med eit fordelarskap på vaskerom og eit i veggen til bad i kjellar. Dette fordi eg treng 15 røyr til saman. Alt vert Sanipex.

Eg håpar å få gravd opp fram til septiktanken ute denne veka. Dette er avhengig av om eg får tak i maskin i helga. Eg er rett og slett for lat til å grava dette for hand, så dei 1 500kr for maskinleige får eg heller stå i. Då kan eg byrja å leggja ned røyra neste veke. Desse må eg nok grava ned endå litt meir i grøfter inne i kjellaren. Eg burde nok ha tatt ut endå 10cm massar når eg først hadde maskin Smile
Signatur
  (trådstarter)
   #234
 2,987     Vestlandet     0
Røyrkjøpet gjekk i vasken og gravinga vart det ikkje noko av. Eg håpar røyra eg har bestilt kjem neste veka, at eg kan grava til helga. I mellomtida kan eg pusla med andre ting.

Spørsmål om bæring:

Eg har bestemt meg for å flytta/utvida opninga i bereveggen litt og laga ei til opning. Dette tenkte eg var greit å gjera før støyping.

Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo
Her vil eg flytta opninga mot høgre, markert med rosa strekar. Ferdig opning vert om lag 90cm. Tenker å gjera den litt større no, då det er lettare å fora denne etterpå enn å utvida den.
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo
Her vil eg laga ny opning. Ferdig opning vert om lag 10 meter. Tenker å gjera den litt større no, då det er lettare å fora denne etterpå enn å utvida den.

Minste opning vil få fritt spenn på ca 90.cm og vil bera ein golvbjelke
Største opning vil få fritt spenn på om lag 100cm og vil bera to golvbjelkar.
Det er sjølvberande tak, så ikkje noko stætte av bærevegg i etasjen over, kun etasjeskille.

Planen:
2 stk. 48x148 vertikalt på kvar side av opningane og 3stk 48x148 på høgkant, limt og skrudd saman horisontalt over. I mitt hovude skal detta vera plenty. Er forumet einig med meg?

Nedste del av bereveggen (Leca er ein bankett i betong på ca 20x20cm. Eg tanker å skjera ut i betongen over denne, slik at stolpane kviler på denne banketten.

Eg tenkte det er greiare og lettare å få opplag på 2 stk 48x148 ned på denne banketten enn å styra med å skjæra ut på topp og leggja opp noko som kviler på lecaveggen.

Bør eg ha noko mellom treverket og betongen, slik at det ikkje er kontakt? Kva er i såfall greiast å bruka?

Ferdig betongsåle kjem forøvrig eit godt stykke ned på banketten av bæreveggen.

Signatur
  (trådstarter)
   #235
 2,987     Vestlandet     0
I morgon må eg i gang. Fint om nokon skrik ut viss dette er heilt feil.
Signatur
   #236
 10,486     Akershus     0
Jeg har bare skummet litt gjennom her, og slett ikke lest alt, eller satt meg særlig inn i problemstillingene.

Jobben du gjør her gir litt minner. Ikke nødvendigvis bare gode Ermm . Imponerende innsats. Jeg kjenner jeg er litt misunnelig på at du fikk gravd ut mye med graver / dumper, samtidig var jeg nok litt bort skjemt med "bare" hard leire og sand selv.

Du ser selv at du har litt opptrekk av fukt fra bunnen. Singelen i bunn er ment både for avretting, og kapillært brudd. Med mer singel hindrer du at fukt drar seg oppover. Med X antall lag plast og XPS, vil aldri det utgjøre noe problem uansett. Jeg husker ikke hva jeg endte på her, men husker jeg la ganske tynt, for å få i mer isolasjon.

Om du trenger fiberduk under? Jaffen sier "ja", jeg sier egentlig nei. Fiberduken brukers for å hindre massene i å blande seg. Det er problemstilling når man bygger ute og det er leiregrunn eller liknende, men inne hos deg er ikke det noe tema. Det eneste jeg ser at det kan ha for seg, og da er vi på teori, ikke praksis, er at om du river opp sand og får det blandet inn i singelen, så kan du risikere noe mer kapillært oppsug.

Flere lag fuktsperre oppover ser jeg ikke noe problem med. Jeg fikk også beskjed om å gjøre det sånn. Ingen av materialene der har vondt av om det skulle bli fukt stående, men samtidig, hvorfor skulle det?

Jeg er delvis enig i tanken om rask regulering av varmen. Vi støpte ned rørene. Jeg syns egentlig overføringen av varme til gulvene er dårlig, og og reguleringstiden er elendig. Som jevn varme fungerer det fint, men jeg må ha overraskende høy temperatur på vannet, uten at overflaten på gulvet blir særlig varm for det. Jeg har ennå stående et rom hvor det ikke er lagt noe oppå betongen, og selv der syns jeg det overfører lite varme. Jeg målte litt på vanntemperatur ut, vanntemperatur retur, og overflatetemperatur, og hadde egentlig forventet bedre. Jeg la rørene relativt tett, men skulle jeg gjort det igjen, skulle jeg nok lagt dem enda tettere. Å regulere temperaturen gjennom dagen er egentlig bare å glemme.
Har du mulighet til det, så er det slett ikke sikkert at idéen om å legge et lett lag oppå, med rør og fordelerplater i, er så dumt. Da kan man jo igjen spørre seg om du egentlig trenger å støpe noe som helst? Kanskje det holder å bare legge ut isolasjon først, og så få noen til å lempe inn et tynt lag avrettingsmasse for å få det 100% plant, og deretter legge plater med nedfelte rør.

Jeg har akkurat puslet litt med kjøkkenet, du kan jo se hvordan jeg gjorde det i tråden der. Der kom jeg til at jeg ville ha mulighet for rask regulering pga. mye større påvirkning fra temperaturen ute, og ikke minst fra vedovnen i stua.


Signatur
  (trådstarter)
   #237
 2,987     Vestlandet     0
Takker for input.

Har vurdert det med å droppa betongsåle. I hovudet mitt verkar det litt "puslete og svakt" utan betong. Dette har eg absolutt ikkje peiling på, men har liksom ein tanke om at betong i sålen er stabilr, sterkt og bra. Utan er som å setja huset på fyrstikker.

Eg treng ikkje superrask regulering, men håper å greia nokon grader forskjell på morgon og kveld, eller leggetid og stå opp tid.

Oppdatering om den minimale framgangen:

I helga fekk eg ikkje gjort mykje, men fekk meisla småbetane som stod igjen på banketten, bært ut dei siste stampane med stein og rydda ut rotet mitt.

Fekk forøvrig nokre andre ærend i dag, så eg har kun satt opp støtte til å ta ei opning i bæreveggen. Håpar å få henta material til ny bæring i morgon. Veit ikkje om eg får tid til å gjera noko meir med dette denne veka.

På laurdag har eg minigravar, så då skal eg få flytta og byta avløpet fram til septiktank.
Signatur

   #238
 10,486     Akershus     0
Min erfaring med rør i betong, er at regulering innen samme dag er bare å glemme.

Jeg setter gjerne gulvene i feriemodus når vi skal bort noen dager eller mer.

Enig i at det liksom virker litt feil uten et ordentlig lag betong i gulvet, men jeg er jammen ikke helt sikker på hvorfor. 
Signatur
  (trådstarter)
   #239
 2,987     Vestlandet     0
Derfor håpar eg at med varmefordelingsoplater og 5cm isolasjon mellom røyr og betong skal gjera det mogleg å regulera innanfor 1/2 døgn. Får eg til 3 - 4 grader endring mellom morgon og kveld, vil det vera supert.

Då tenkjer du nokså likt som meg her. Eg veit ikkje kvifor, men føler det vert galt utan betong nedst i huset. Eg har og fjerna den innerste delen av banketten rundt grunnmur, samt skiljeveggar. Eg tenkjer, og håpar, ein betongsåle, samt ein kraftigare vegg midt i huset oppå betongsålen, vil ta opp sidevegs trykk mot grunnmur.

Versjon 132, og foreløpig plan for oppbygging er:

Fiberduk på i alle fall delar - eg har ein del duk.
5cm - 10cm 8 - 16 singel - kapillærbrytande og avretting
10cm XPS300
0,2mm plast
7cm - 8cm armert betong
5cm XPS300
22mm sporplater (spon)
Varmefordelingsplater og 16/17mm varmerøyr
0,2 med mer plast
Laminat

På bad/vaskerom
5-10cm 8 - 16 singel
15cm XPS300,
0,2mm plast
7cm - 8cm armert betong
påstøyp med innstøypte varmerøyr.
Smøremambran
Flis
(Bad og vaskerom vert senka ca. 5cm før singel og isolasjon i forhold til resten, slik at det vert totalt same mengd isolasjon (15cm) med avretta betongsåle i heile etasjen. Påstøyp med fall etterpå)
Signatur
  (trådstarter)
   #240
 2,987     Vestlandet     0
I dag har eg fått gravd opp avløp ute. Det vart ikkje til at eg byta røyr heilt til septiktanken.

Om lag ein meter ut gjekk det over frå dette grå røyret til oransje, som er betre kvalitet. Dette låg ein del lavare enn avløpet inne, så eg valde å berre kopla meg på der. Eg skal kjøpa eit 15grader bend, eller noko mindre så får er litt senka det litt innover.

Akkurat der denne skøyten låg byrja det å renna ut ganske mykje vatn. Eg var sikker på me hadde lagd hol i vassrøyret, som ligg i same grøfta. Det viste seg å vera vatn i grunnen. Då endte det med å grava ei grøft bortover hagen for å få leda dette vekk,i staden for å grava bort til tanken. Eg hadde heldigvis eit 6m densrøyr liggjande igjen og det 6m røyret som skulle gå til septiktanken.

Eg gløymde sjølvsagt å ta bilete før det vart fylt igjen. Men slik ser det i alle fall ut no.
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo

Til høgre er vassrøyret, på tvers er drensrøyret og det grå er gamalt avløpsrør, som eg kopla midlertidig på igjen så eg kan ta meg ein dusj i dag. Det går an å skimta enden på den meteren med nytt (svart) røyr eg la ned.
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo

Her renn det no vatn kontinuerleg. Eg trur eg fekk senka vassnivået om lag 10 cm.
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo

Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo

Slik ser det ut inne no.
Komlo skal grava ut av kjellaren sin -  - Komlo

I morgon er planen å senka og leggja nytt røyr innover. I dag trur eg ikkje eg gidd gjera meir.
Signatur