bra innsats på en lørdag ikke vits og holde på lenger, hvis man kommer dit at man føler man ikke gidder mer i dag, ikke vits og presse seg til max hele tiden bedre og bruke noen dager ekstra og få fremgang, kontra og bli sengeliggende en hel uke.....
Eg var visst ikkje heilt ferdig å grava likevel. For at avløpsrøyra skal få fall, men ikkje liggja over betongen, må eg grava dei eit stykke ned i grunnen. Det ser ut sim det vert om lag 15 cm djupare der der røyra går ut av huset, opp til 0cm ved sluket lengst vekk. Då må eg tilpassa isolasjon rundt røyra i delar av kjellaren,men det er greit nok.
Heldigvis er det berre slagg og store steinar der eg skal grava grøfter. Det var så hardt at det vart vanskeleg med spett. Spettet har blitt heilt sløvt og må spissast. Det endte faktisk med at eg tok fram meiselmaskina og meisla laus massane i grøfta.
No har eg fått opna/flytta ooninga i bæreveggen. Får sjå om eg rekk å setja opp bæringa i kveld. Den andre opninga startar eg vel på på onsdag.
Sålen/banketten i ooninga i bæreveggen er og fjerna no
Ja, stort sett ekstra hardpakka, for å gjera det litt kjekkare. Det er stein, litt grus og sand og slagg i frå lokal fabrikk, samt eit ekstra lag med 30cm betong i delar av kjellaren. Denne slaggen vert så hard at den må meislast ut. Nokre stader greidde ikkje minigravaren få tak ei gong.
Eg fekk bært ut lecaen og betongblokkene og gravd ned til riktig nivå i opninga. Har limt og skrudd saman to doble og ein trippel 48x148 til bæring av dei 3 golvbjelkane over opninga, men ikkje fått montert dette endå. I morgon får eg ikkje tid til å gjera noko, så får sjå om eg får gjort det på onsdag.får la vera å hoppa mykje rundt, som eg jo pleier, i etasjen over i mellomtida🙂
Då har eg omsider fått montert ny bæring der eg flytta opninga litt.
Opninga i muren nedsr er ca 111cm. Mellom stolpane er det ca 121cm. Alt etter kor brei trappa må vera, vert opninga sannsynlegvis smalare på venstre sida til ca 90cm.
Stolpane er i alle fall i vater, og vel så det. Bjelken på toppen er derimot langt i frå vater. Den er så skeiv som det der ut🙂 Dum som eg var skrudde eg den berre opp i bjelkelaget utan å vatra den opp. Kjempetabbe av meg, men no trur eg ikkje eg gidd endra på det.
ikke vits og holde på lenger, hvis man kommer dit at man føler man ikke gidder mer i dag, ikke vits og presse seg til max hele tiden bedre og bruke noen dager ekstra og få fremgang, kontra og bli sengeliggende en hel uke.....
Må si jeg gleder meg forferdelig til å komme dit du er fremdriftsmessig 😅
Eg gleder meg forferdeleg til å verta ferdig🙂
No har eg fått opna/flytta ooninga i bæreveggen. Får sjå om eg rekk å setja opp bæringa i kveld. Den andre opninga startar eg vel på på onsdag.
Sålen/banketten i ooninga i bæreveggen er og fjerna no
Eg fekk bært ut lecaen og betongblokkene og gravd ned til riktig nivå i opninga. Har limt og skrudd saman to doble og ein trippel 48x148 til bæring av dei 3 golvbjelkane over opninga, men ikkje fått montert dette endå. I morgon får eg ikkje tid til å gjera noko, så får sjå om eg får gjort det på onsdag.får la vera å hoppa mykje rundt, som eg jo pleier, i etasjen over i mellomtida🙂
Opninga i muren nedsr er ca 111cm. Mellom stolpane er det ca 121cm. Alt etter kor brei trappa må vera, vert opninga sannsynlegvis smalare på venstre sida til ca 90cm.
Stolpane er i alle fall i vater, og vel så det. Bjelken på toppen er derimot langt i frå vater. Den er så skeiv som det der ut🙂 Dum som eg var skrudde eg den berre opp i bjelkelaget utan å vatra den opp. Kjempetabbe av meg, men no trur eg ikkje eg gidd endra på det.
Fekk sagd ut den andre opninga i bæreveggen og, men har ikkje fått montert ny bæring endå.