Men bare pass på alle som evt må ha mye maskinell hjelp for å fylle tilbake så finnes det flere løsninger som går veldig fort og som heller ikke koster så mye hvis en tar med alt arbeidet en sparer. Jeg har blåst inn 32m2 fra en bil på noe over 1 time. Naboer som drenerte kjørte frem og tilbake med gravemaskin i et par dager og fylte og og en skuffe med singel. I tillegg får en noe som gir noe mere isolasjon (skriver det slik fordi det er litt fare for luft gjennomgang i løs leca) samt mye mindre trykk på murer. Hos meg var det svakt fjell som var pigget ned i bak huset så kunne ikke kjøre trygt inn med maskin heller.
Ja, etter planen skulle eg ha støypt for litt over ein mnd sidan.
No er planen å opna opp meddom kjellar og garasjen og innreia delar av garasjen til vaskerom og garderobe. Då har eg nokre utfordringar med føring av røyrog avløp. Eg må og få tak i betongsag igjen for å få sagd ferdig døropning i grunnmuren.
Singelen ligg i hagen og skal køyrast inn med trillebår. Litt slit, men det skal gå greit.
Eg TRUR eg har ombestemt meg nok ei gong når det gjeld planløysing og bruk av kjellaren, og trur løysinga eg hadde tenkt for om lag eit år sidan kan likavel vera den beste. Det viktigaste er heldigvis ikkje at det vert bra, men at det vert dyrt og aldri ferdig.
Om lag denne planen har eg tenkt det siste året. Fordelar: 1.1) Får samla veldig mange rom/funksjonar/løysingar på relativt liten etasje. 1.2) Treng ikkje ta av "garasjen" og slepp dør på baderom
Ulemper: 1.3) Alt vert "litt for trangt". 1.4) Garderoben vert vanskeleg å innreia og det er snakk om cm og mm alle vegar om eg får inn Ikea Pax. 1.5) Badet (som vert hovudbadet) vert lite. Det treng sikkert ikkje vera større for å fungera, men det er ikkje akkurat noko spaavdeling. 1.6) Teknisk/vaskerom er absolutt i minste laget. Her må det inn vassfordelingsskap, stort sikringsskap, golvvarmeskap, tank/innedel varmepumpa, vaskemaskin og tørketrommel. Det vert ikkje mykje snuplass eller plass til klestørk. Eg veit ikkje ei gong om eg vil greia å plassera alt riktig. 1.7) Kvar mm ekstra trappa tek, vil minska garderobe eller bad nokre mm. 1. Alt i alt må eg telja på millimetrar alle stader for å få løysinga til å fungera best mogleg. Det er ikkje lett når kjellaren er heilt tom no. 1.9) vaskemaskin vegg i vegg med kjellarstova/sov 4.
No vurderer eg å heller å forsøkja på noko liknande denne løysinga, der eg brukar om lag 1/3 av garasjen til vaskerom og garderobe. Endeleg romløysing på bad og vaskerom har eg ikkje komt fram til endå. Kort om utgangspunktet: Ønsket er å få samla 4 soverom, vaskerom, bad og garderobe på dette planet. Garderobe er ikkje eit must, men sterkt ønskje. Huset har kun kjellar og hovudetasje. Dette vert den einaste etasjen med soverom, så kjellaren her vert på mange måtar tilsvarande 2. etasje på dei fleste hus. "Garasjen er i dag om lag 5.65m x 7.1m innvendig, med 2,47m romhøgd frå betongsåle til bjelkelag. Vert nok aldri nytta til bilgarasje, men til oppbevaring og snekkerbod. "Garasjen" er nyoppført og ganske godt isolert med 20cm i veggar og 30cm i tak, men berre 10cm under såle. "Garasjen har 3m x 2.25m, 67mm isolert garasjeport i front, men manglar dør. "Det ligg eit 75mm avløpsrøyr i veggen heilt ned mot betongsåle øvst på teikninga i det som er "vaskerom/teknisk. Dette er ikkje kopla til avløp, men går ut og ned ei skråning mot bekk ved tomta. Kan kanskje brukast som avløp i golvet i tilfelle lekkasje på vaskerom? Plassering av dør mellom bad og vaskerom er ganske låst, dersom eg ikkje skal leggja opp ny bering med stålbjelke (men mogleg).
Fordelar: 2.1) Bod i staden for vaskerom/teknisk er ikkje like kritisk på storleik. Om boden vert 2,0m eller 1,8m brei speler ikkje så stor rolle. 2.2) Eg får innvendig bodplass i huset. 2.3) Ingen vaskemaskin vegg i vegg med kjellarstova/sov 4. 2.4) Har betre plass til trapp og bod i gangen. Det er ikkje like kritisk om trappa vert t.d. 5cm breiare. Kan og gjera bod grunnare dersom eg ønskjer romslegare gang. 2.5) Langt større plass til bad. Eg "må" ikkje ha så stor plass til badet, men har meir spelerom og kanskje plass til dusj+badekar. 2.6) Eg vil få innvendig dør mellom "garasjen" og resten av huset. 2.7) Betre plass (om lag 2,4m x 2,4m) og lettare å innreia teknisk/vaskerom. 2. Garderoben langt enklare å innreia (får totalt 6 meter Pax og ca. 120cm golvbreidd mellom dei) 2.9) Får om lag 14kvm større kjellaretasje. 2.10) Får kanskje og plass til vaskemaskin på bad, dersom det er ønskeleg.
Ulemper: 2.11) Må planleggja alt på ny. 2.12) Meir arbeid, og mykje meir kløing i hovudet å få det til mtp. teknisk/røyrføring/ventilasjon/takhøgd osv (som er verste delen av oppussinga for meg som er så ubesluttsom). 2.13) "Garasjen" er ny med 10cm armert såle eg ikkje er gira på å meisla for avløpsrøyr. 2.14) Ei ekstra dør på bad er ikkje ideelt. Det gjer det vanskelegare å innreia bad. 2.15) Mister om lag 1/3 av "garasjen", som gjer at den ikkje vert djup nok til bil. "Garasjen" ville nok aldri blitt brukt til bil uansett, men no KAN den ikkje nyttast til bil om eg skulle ønskja det. 2.16) Ikkje ideelt med garderoben ytst, med vaskerom mellom garderobe og bad. 2.17) Ekstra dør på bad gjer det vanskelegare å plassera røyr og avløp opp til komande bad i etasjen over. 2.18) betongsåle i "garasjen" ligg noko høgare enn komande betongsåle i kjellar. 2.19) Det må vel borast avløp frå vaskemaskin og ganske mange vassrøyr gjennom grunnmuren.
I hovudsak er det som gjer at eg no ser på høve for denne løysinga at eg vil få betre plass i kjellaren til trapp, vaskerom/teknisk/garderobe/gang og bad. Eg mister delar av den fine nye garasjen min, men eg trur betre plass i huset trumfar større garasje. Eg har i tillegg ein gamal (dårleg stand) garaje på om lag 4x7m på oppsida av huset, og ønskjer å byggja carport seinare. Eg hadde lenge eit håp om å få plass til alle funksjonar eg ønskja i kjellaren, men uansett kvar eg snur meg er kjellaren liksom 10cm for kort eller smal til at løysingane vert praktiske.
1) korleis avsluttar eg avløpsrøyr til framtidig sluk o.l.? Eg er i gang med å leggja avløpsrøyra no. I kjellaren vert det 2 golvsluk (75mm), toalett (110mm), dusj (75mm) og avløp frå servant (75 mm). Kva gjer eg med avslutning av desse røyra før støyping av sålen? Eg vil tru at om røyra kjem over sålen, vil eg ikkje få til å montera sluk etterpå. Må eg vota nøyaktig høgd på ferdig golvstøyp?
2) kor langt horisontalt røyrstrekk kan eg ha frå hovudavløpet m.t.p. lufting? Det er 75mm lufting over tak.
3) eg har gløymd å tenkja på stakeluka. Det vertikale avløpet frå bad og toalett i etasjen over kjem utanpå vegg. Dette tenkjer eg å kassa inn. Bør eg montera stakeluka her? Er golvsluk i kjellaren god nok stakemulighet?
En bør absolutt ha stake mulighet direkte på hovedstammen og ikke bare via en sluk selv om sluk i dag med uttagbar vannlås er mye åpnere så er det ikke noe 110 rør ut.
1) Kva gjer eg med avløpsrøyra før støyping av såle? Må eg montera sluk der det skal vera før eg støyper sålen? Per no anar eg ikkje høgda sålen kjem på. Eg må jo og støypa fall etterpå.
2) Det vert om lag 7 meter horisonalt strekk frå hovudavløp, som er lufta, til toalett i kjellaren. Er dette innafor?
Siste redigering: Tuesday, November 14, 2023 7:07:17 AM av Komlo
Kort oppdatering av prosjektet: Heile prosjektet vart lagt på is dei siste 3 åra. Det er mange grunnar til dette, som ikkje er direkte knytt til kjellarprosjektet (skilsmisse, økonomi, nytt samliv, nytt barn, prioritering av andre prosjekt, tid osv).
Ståa i dag: Me har byta hus med far min og flytt inn i hans hus. Far min og kona har flytt inn i dette huset. Eg skal likavel gjera ferdig kjellaren, men med nokre endringar frå opprinneleg plan. Den største endringa er at badet vert flytta til andre enden, der planen var kjellarstove. Der bad/garderobe var teikna inn vert det no berre ope areal, med dør ut til garasje. Soverom 1 og 2 vert slått saman til eit stort rom.
Framdrift sidan sist: I ytste del av kjellaren (sov 1, 2 og 3). Har eg fått lagt fiberduk og trilla inn all singelen. Haugen med singel i hagen er vekke, og det etter berre 3 år. Eg har fått sagd ut døropning i grunnmuren ut til garasjen. Held no på med å leggja nye avløpsrøyr bort til nytt bad. Det er her eg slit med korleis eg skal gjera det.
Eg treng no hjelp og tips til spørsmål 1 og 2 over.
Når det er gjort kan eg fylla på med singel, isolasjon og betong.
Noen plan for når du skal støpe?
No er planen å opna opp meddom kjellar og garasjen og innreia delar av garasjen til vaskerom og garderobe. Då har eg nokre utfordringar med føring av røyrog avløp. Eg må og få tak i betongsag igjen for å få sagd ferdig døropning i grunnmuren.
Singelen ligg i hagen og skal køyrast inn med trillebår. Litt slit, men det skal gå greit.
Om lag denne planen har eg tenkt det siste året.
Fordelar:
1.1) Får samla veldig mange rom/funksjonar/løysingar på relativt liten etasje.
1.2) Treng ikkje ta av "garasjen" og slepp dør på baderom
Ulemper:
1.3) Alt vert "litt for trangt".
1.4) Garderoben vert vanskeleg å innreia og det er snakk om cm og mm alle vegar om eg får inn Ikea Pax.
1.5) Badet (som vert hovudbadet) vert lite. Det treng sikkert ikkje vera større for å fungera, men det er ikkje akkurat noko spaavdeling.
1.6) Teknisk/vaskerom er absolutt i minste laget. Her må det inn vassfordelingsskap, stort sikringsskap, golvvarmeskap, tank/innedel varmepumpa, vaskemaskin og tørketrommel. Det vert ikkje mykje snuplass eller plass til klestørk. Eg veit ikkje ei gong om eg vil greia å plassera alt riktig.
1.7) Kvar mm ekstra trappa tek, vil minska garderobe eller bad nokre mm.
1. Alt i alt må eg telja på millimetrar alle stader for å få løysinga til å fungera best mogleg. Det er ikkje lett når kjellaren er heilt tom no.
1.9) vaskemaskin vegg i vegg med kjellarstova/sov 4.
No vurderer eg å heller å forsøkja på noko liknande denne løysinga, der eg brukar om lag 1/3 av garasjen til vaskerom og garderobe. Endeleg romløysing på bad og vaskerom har eg ikkje komt fram til endå.
Kort om utgangspunktet:
Ønsket er å få samla 4 soverom, vaskerom, bad og garderobe på dette planet. Garderobe er ikkje eit must, men sterkt ønskje.
Huset har kun kjellar og hovudetasje. Dette vert den einaste etasjen med soverom, så kjellaren her vert på mange måtar tilsvarande 2. etasje på dei fleste hus.
"Garasjen er i dag om lag 5.65m x 7.1m innvendig, med 2,47m romhøgd frå betongsåle til bjelkelag. Vert nok aldri nytta til bilgarasje, men til oppbevaring og snekkerbod.
"Garasjen" er nyoppført og ganske godt isolert med 20cm i veggar og 30cm i tak, men berre 10cm under såle.
"Garasjen har 3m x 2.25m, 67mm isolert garasjeport i front, men manglar dør.
"Det ligg eit 75mm avløpsrøyr i veggen heilt ned mot betongsåle øvst på teikninga i det som er "vaskerom/teknisk. Dette er ikkje kopla til avløp, men går ut og ned ei skråning mot bekk ved tomta. Kan kanskje brukast som avløp i golvet i tilfelle lekkasje på vaskerom?
Plassering av dør mellom bad og vaskerom er ganske låst, dersom eg ikkje skal leggja opp ny bering med stålbjelke (men mogleg).
Fordelar:
2.1) Bod i staden for vaskerom/teknisk er ikkje like kritisk på storleik. Om boden vert 2,0m eller 1,8m brei speler ikkje så stor rolle.
2.2) Eg får innvendig bodplass i huset.
2.3) Ingen vaskemaskin vegg i vegg med kjellarstova/sov 4.
2.4) Har betre plass til trapp og bod i gangen. Det er ikkje like kritisk om trappa vert t.d. 5cm breiare. Kan og gjera bod grunnare dersom eg ønskjer romslegare gang.
2.5) Langt større plass til bad. Eg "må" ikkje ha så stor plass til badet, men har meir spelerom og kanskje plass til dusj+badekar.
2.6) Eg vil få innvendig dør mellom "garasjen" og resten av huset.
2.7) Betre plass (om lag 2,4m x 2,4m) og lettare å innreia teknisk/vaskerom.
2. Garderoben langt enklare å innreia (får totalt 6 meter Pax og ca. 120cm golvbreidd mellom dei)
2.9) Får om lag 14kvm større kjellaretasje.
2.10) Får kanskje og plass til vaskemaskin på bad, dersom det er ønskeleg.
Ulemper:
2.11) Må planleggja alt på ny.
2.12) Meir arbeid, og mykje meir kløing i hovudet å få det til mtp. teknisk/røyrføring/ventilasjon/takhøgd osv (som er verste delen av oppussinga for meg som er så ubesluttsom).
2.13) "Garasjen" er ny med 10cm armert såle eg ikkje er gira på å meisla for avløpsrøyr.
2.14) Ei ekstra dør på bad er ikkje ideelt. Det gjer det vanskelegare å innreia bad.
2.15) Mister om lag 1/3 av "garasjen", som gjer at den ikkje vert djup nok til bil. "Garasjen" ville nok aldri blitt brukt til bil uansett, men no KAN den ikkje nyttast til bil om eg skulle ønskja det.
2.16) Ikkje ideelt med garderoben ytst, med vaskerom mellom garderobe og bad.
2.17) Ekstra dør på bad gjer det vanskelegare å plassera røyr og avløp opp til komande bad i etasjen over.
2.18) betongsåle i "garasjen" ligg noko høgare enn komande betongsåle i kjellar.
2.19) Det må vel borast avløp frå vaskemaskin og ganske mange vassrøyr gjennom grunnmuren.
I hovudsak er det som gjer at eg no ser på høve for denne løysinga at eg vil få betre plass i kjellaren til trapp, vaskerom/teknisk/garderobe/gang og bad. Eg mister delar av den fine nye garasjen min, men eg trur betre plass i huset trumfar større garasje. Eg har i tillegg ein gamal (dårleg stand) garaje på om lag 4x7m på oppsida av huset, og ønskjer å byggja carport seinare. Eg hadde lenge eit håp om å få plass til alle funksjonar eg ønskja i kjellaren, men uansett kvar eg snur meg er kjellaren liksom 10cm for kort eller smal til at løysingane vert praktiske.
God eller dårleg ide å utvida kjellaren slik?
Kan de hjelpa meg med nokre spørsmål?
1) korleis avsluttar eg avløpsrøyr til framtidig sluk o.l.?
Eg er i gang med å leggja avløpsrøyra no. I kjellaren vert det 2 golvsluk (75mm), toalett (110mm), dusj (75mm) og avløp frå servant (75 mm). Kva gjer eg med avslutning av desse røyra før støyping av sålen? Eg vil tru at om røyra kjem over sålen, vil eg ikkje få til å montera sluk etterpå. Må eg vota nøyaktig høgd på ferdig golvstøyp?
2) kor langt horisontalt røyrstrekk kan eg ha frå hovudavløpet m.t.p. lufting? Det er 75mm lufting over tak.
3) eg har gløymd å tenkja på stakeluka. Det vertikale avløpet frå bad og toalett i etasjen over kjem utanpå vegg. Dette tenkjer eg å kassa inn. Bør eg montera stakeluka her? Er golvsluk i kjellaren god nok stakemulighet?
Eg skal oppdatera tråden meir.
1) Kva gjer eg med avløpsrøyra før støyping av såle? Må eg montera sluk der det skal vera før eg støyper sålen? Per no anar eg ikkje høgda sålen kjem på. Eg må jo og støypa fall etterpå.
2) Det vert om lag 7 meter horisonalt strekk frå hovudavløp, som er lufta, til toalett i kjellaren. Er dette innafor?
Heile prosjektet vart lagt på is dei siste 3 åra. Det er mange grunnar til dette, som ikkje er direkte knytt til kjellarprosjektet (skilsmisse, økonomi, nytt samliv, nytt barn, prioritering av andre prosjekt, tid osv).
Ståa i dag:
Me har byta hus med far min og flytt inn i hans hus. Far min og kona har flytt inn i dette huset. Eg skal likavel gjera ferdig kjellaren, men med nokre endringar frå opprinneleg plan. Den største endringa er at badet vert flytta til andre enden, der planen var kjellarstove. Der bad/garderobe var teikna inn vert det no berre ope areal, med dør ut til garasje. Soverom 1 og 2 vert slått saman til eit stort rom.
Framdrift sidan sist:
I ytste del av kjellaren (sov 1, 2 og 3). Har eg fått lagt fiberduk og trilla inn all singelen. Haugen med singel i hagen er vekke, og det etter berre 3 år.
Eg har fått sagd ut døropning i grunnmuren ut til garasjen.
Held no på med å leggja nye avløpsrøyr bort til nytt bad. Det er her eg slit med korleis eg skal gjera det.
Eg treng no hjelp og tips til spørsmål 1 og 2 over.