Her Brannekspertar har funne årsaka til at brannen spreidde seg så raskt Balkongar av tre, utan sprinklaranlegg, bidrog til den eksplosive brannen i bustadblokka i Lonemarka. 30 bebuarar redde seg ut av bustadblokka på Lone i Arna.FOTO: 2211-TIPSAR (ARKIV)
Denne veka presenterte brannvesenet sine førebelse konklusjonar om brannen i Lonemarka, melderNRK. Det var natt til laurdag 7. august at det braut ut storbrann i den kommunale bustadblokka i Arna. Leilegheitene blei slukt av flammane i løpet av kort tid, men alle 30 bebuarane klarte å redde seg ut. https://www.bt.no/brandstudio/feature/v/regionstavanger/hjeltnes/bergen/ANNONSØRINNHOLD Denne byen har blitt ein favoritt for Arne Hjeltnes https://www.bt.no/brandstudio/feature/v/regionstavanger/hjeltnes/bergen/ Alle dei 30 vanskelegstilte bebuarane kom seg ut før brannvesenet var framme. Trur brannen starta på balkongsida Brannvesenet trur brannen starta utvendig på balkongsida i første etasje. Dei meiner utforminga av balkongane var avgjerande for den raske spreiinga. – Dersom balkongane hadde blitt utført i material med betre brannhemmande kvalitetar ville kanskje brannen ha utvikla seg seinare, uttalte avdelingsleiar Janicke Larsen ved førebyggande avdeling i Bergen brannvesenet på seminaret, ifølgje NRK. Janicke Larsen leiar brannførebyggande avdeling i Bergen brannvesen.FOTO: BERGEN BRANNVESEN Tørke og vind I ein e-post til BT skriv Larsen at det var fleire samanfallande faktorar som bidrog til den kraftige brannutviklinga. Knusktørr vegetasjon, vind, trekledning, mangel på sprinklaranlegg og låge skiljeveggar mellom balkongane medverka også, ifølgje evalueringa. https://smartdekk.no/2021/09/30/na-er-det-pa-tide-a-legge-om-til-vinterdekk/ANNONSE https://smartdekk.no/2021/09/30/na-er-det-pa-tide-a-legge-om-til-vinterdekk/ANNONSE FRA SMART DEKK ASLegge om? Vi har lang erfaring og kompetanse https://smartdekk.no/2021/09/30/na-er-det-pa-tide-a-legge-om-til-vinterdekk/ – Vi meiner at andre løysingar på altanane, som sprinkling og bruk av mindre brennbart materiale, ville kunne bidrege til anten sløkking av brannen eller i alle fall til ei saktare spreiing, skriv Larsen. Ho understrekar at brannvesenet pr. no ikkje veit sikkert om det var her brannen starta. Dei håper politiet sine undersøkingar vil gje fleire svar. Ingen mista livet i brannen.FOTO: TUVA ÅSERUD (ARKIV) Politiet etterforskar framleis Også forskingssenteret FRIC granskar brannen. – Vi håper at FRIC og politiet sine funn vil kunne gje betre svar på dette, slik at vi på mest mogeleg måte kan jobbe førebyggande for å redusere sjansen for at noko slikt skjer igjen, uttalar Larsen. Den endelege rapporten frå brannvesenet er venta om kort tid, ifølgje Larsen. Politiet etterforskar framleis saka, der tre personar har status som mistenkte. FRIC- rapporten er venta ved årsskiftet.
Brannekspertar har funne årsaka til at brannen spreidde seg så raskt
Balkongar av tre, utan sprinklaranlegg, bidrog til den eksplosive brannen i bustadblokka i Lonemarka.
30 bebuarar redde seg ut av bustadblokka på Lone i Arna.FOTO: 2211-TIPSAR (ARKIV)
publisert publisert
i går 19:16
[ol]
[/ol]
Denne veka presenterte brannvesenet sine førebelse konklusjonar om brannen i Lonemarka, melderNRK.
Det var natt til laurdag 7. august at det braut ut storbrann i den kommunale bustadblokka i Arna. Leilegheitene blei slukt av flammane i løpet av kort tid, men alle 30 bebuarane klarte å redde seg ut.
https://www.bt.no/brandstudio/feature/v/regionstavanger/hjeltnes/bergen/ANNONSØRINNHOLD
Denne byen har blitt ein favoritt for Arne Hjeltnes
https://www.bt.no/brandstudio/feature/v/regionstavanger/hjeltnes/bergen/
Alle dei 30 vanskelegstilte bebuarane kom seg ut før brannvesenet var framme.
Trur brannen starta på balkongsida
Brannvesenet trur brannen starta utvendig på balkongsida i første etasje. Dei meiner utforminga av balkongane var avgjerande for den raske spreiinga.
– Dersom balkongane hadde blitt utført i material med betre brannhemmande kvalitetar ville kanskje brannen ha utvikla seg seinare, uttalte avdelingsleiar Janicke Larsen ved førebyggande avdeling i Bergen brannvesenet på seminaret, ifølgje NRK.
Janicke Larsen leiar brannførebyggande avdeling i Bergen brannvesen.FOTO: BERGEN BRANNVESEN
Tørke og vind
I ein e-post til BT skriv Larsen at det var fleire samanfallande faktorar som bidrog til den kraftige brannutviklinga.
Knusktørr vegetasjon, vind, trekledning, mangel på sprinklaranlegg og låge skiljeveggar mellom balkongane medverka også, ifølgje evalueringa.
https://smartdekk.no/2021/09/30/na-er-det-pa-tide-a-legge-om-til-vinterdekk/ANNONSE
https://smartdekk.no/2021/09/30/na-er-det-pa-tide-a-legge-om-til-vinterdekk/ANNONSE FRA SMART DEKK ASLegge om? Vi har lang erfaring og kompetanse
https://smartdekk.no/2021/09/30/na-er-det-pa-tide-a-legge-om-til-vinterdekk/
– Vi meiner at andre løysingar på altanane, som sprinkling og bruk av mindre brennbart materiale, ville kunne bidrege til anten sløkking av brannen eller i alle fall til ei saktare spreiing, skriv Larsen.
Ho understrekar at brannvesenet pr. no ikkje veit sikkert om det var her brannen starta. Dei håper politiet sine undersøkingar vil gje fleire svar.
Ingen mista livet i brannen.FOTO: TUVA ÅSERUD (ARKIV)
Politiet etterforskar framleis
Også forskingssenteret FRIC granskar brannen.
– Vi håper at FRIC og politiet sine funn vil kunne gje betre svar på dette, slik at vi på mest mogeleg måte kan jobbe førebyggande for å redusere sjansen for at noko slikt skjer igjen, uttalar Larsen.
Den endelege rapporten frå brannvesenet er venta om kort tid, ifølgje Larsen. Politiet etterforskar framleis saka, der tre personar har status som mistenkte.
FRIC- rapporten er venta ved årsskiftet.