(trådstarter)
   #172
 82     1
Her er biletet som ETA sendte meg av ei høveleg hyllevare-pipeløysing:

Spørsmål angåande vassboren varme med vedkjele -  - Garegaupa

Legg merke til "oppsamlingsstussen" i bakkant som skal fange opp kondensvatn frå pipa før det hamnar i kjelen. Dette var i fylgje ETA ein veldig viktig detalj for å sørgje for lengst mogeleg levetid på kjelen.
  (trådstarter)
   #173
 82     2
Då tenkte eg det var på tide med ei oppdatering her att, sidan det no er så godt som nøyaktig eitt år sidan me begynte å bruke anlegget (fyrste fyring vart logga 23. mai i fjor). Her kjem erfaringane mine frå eitt års drift, punktvis:

  • Til og med dags dato så har me bruka 20 pallar med ved (1000 liter per pall), og har så vidt begynt på nummer 21. For dei som heller likar å tenkje i mål så er vel dette cirka 8 mål ved (viss ein reknar 2,5 pallar per mål). Det er snakk om godt stabla pallar, så med rausa pallar hadde det gjerne gått noko fleire. Reknestykket mitt i førekant landa på mellom 20 og 25 pallar, så det var ikkje så gale berekna. Grin Hadde solfangarane fungera optimalt (sjå under) så hadde nok talet vore noko lågare.

  • På den kaldaste tida på vinteren så måtte me fyre cirka annankvar dag. På den varmaste tida om sumaren var det nok med kvar femte-sjette dag. No skal det seiast at det var ein særs mild vinter i år (middeltemperaturen var faktisk berre rundt null grader på den kaldaste tida, noko som absolutt ikkje er vanleg her i traktene). Viss det hadde vore kaldare måtte eg kanskje fyra kvar dag.

  • For kvar fyring aukar ladenivået i akkumulatortanken (på 5000 l) med 44 % i snitt. Altså er der plass til to heile fyringar i tanken.

  • Solfangarane fungerer betre, men ikkje optimalt. Både ETA Norge og røyrleggjar har klødd seg i hovudet over lengre tid, men det ser no etter kvart ut som om årsaka er ein kombinasjon av luft i anlegget og ein temperatursensor som ikkje fungerer. Vonleg får eg meir ut av anlegget når dette er fiksa, men det vart ein god del betre etter siste gong dei lufta det. Eg har på det meste sett ein energiproduksjon på rundt cirka 12 kWh på ein dag med sol frå skyfri himmel heile dagen no i vår. Der skal likevel vere meir å hente her.


Elles er anlegget særs lettvint og behageleg i dagleg bruk. Eg har av ulike årsakar vore nøydd til å bruke ved av høgst varierande kvalitet, men anlegget tilpassar seg etter det ein puttar inni. Modulen for varmt forbruksvatn fungerer glimrande, me tenkjer aldri over at det ikkje er ein vanleg varmtvasstank i huset. Sjølve fyringa i vedkjelen er enkel. Berre å fylle opp med ved og tenne på ei halv samankrølla avisside i botnen, så er det ikkje lenge før det brenn som berre det. Smile

Der kjem nok ei ny oppdatering når solfangarane (endeleg) fungerer som dei skal.
   #174
 10,486     Akershus     1
Kjekt med oppdatering, og godt å se at det fungerer greit.
Det ser ut som ovn og tank har størrelser som passer godt med hverandre. Med såpass romslig tank kan du fyre når det passer deg, og må ikke nødvendigvis vente til det er nesten tomt, eller fyre halve ilegg. Jeg maser jo stadig om å velge stor nok tank, og gjerne enda en del.

Ble det tappevannmodul eller spiral?
Signatur
  (trådstarter)
   #176
 82     0
Det er visst lenge sidan eg har oppdatera denne tråden no, så det er gjerne på tide. Smile

Problemet med solfangarane vart løyst til slutt. Det var rett og slett feilmontering. Sensorane som skulle lese av temperaturane på solfangarane hadde ikkje kome heilt inn i "lommene" dei skulle liggje i. Det førte til at når sirkulasjonen starta i solfangarane så registrera sensorane eit mykje hurtigare temperaturfall enn det som var reelt. Dette førte i sin tur til at solfangarane stoppa produksjonen att temmeleg fort. Dette forklårar at det vart veldig mykje "start-stopp-start-stopp-produksjon" i staden for ei jamn kurve.

Dette vart ikkje fiksa før seint i fjor haust, så eg har ikkje fått sett kva forskjell dette utgjer midt på sumaren. Det får me sjå no etter kvart (viss me får ein solrik sumar i år òg, vel og merke Laughing). Allereie i februar begynte dei å produsere opp mot 8 kWh på ein fin dag, og i fjor sumar så klara dei å halde unna såpass godt at eg slapp å fyre på tre veker i juni sjølv om dei gjekk på "halv maskin". Dette lovar såleis godt. Smile

Elles så vart det totale vedforbruket for 2020 på 19 pallar, eller 7,9 mål (eg reknar 2,4 pallar per mål sidan eg stablar veden temmeleg tett på pallane). Ikkje så langt unna det opphavlege reknestykket mitt på 20-25 pallar per år. Så får me sjå kor mykje solfangarane kan redusere dette no som dei fungerer som dei skal.

I juni i fjor gjekk me over til Tibber som straumleverandør. Ein av fordelane med dette er at me får ein del meir data om straumforbruket vårt, ikkje minst kor mykje straum me brukar i høve til ein gjennomsnittleg husstand i eit like stort hus som vårt. Dette har eg bruka til å gjere eit overslag over kor mykje straum me sparer på å ha all oppvarming og varmtvatn frå vedfyring og solvarme.

Frå og med juni i fjor og til og med januar i år så har me spart litt over kr 7.800,- i straum (alt inkludert, både sjølve straumen og energileddet av nettleiga). Dette vert noko lite data å konkludere på, men med dagens straumprisar skulle det vere råd å spare ikring kr 10.000,- i året i straumutgifter. Det går nok nokon år før eg har spart inn att heile anlegget, det er heilt klårt. Laughing Men eg er uansett godt nøgd. Eg held meg med "gratis" ved (eigeninnsatsen er einaste kostnad, pluss noko bensin og diesel), eg tykkjer det er moro å bruke anlegget, eg har eit påskot til å få rydda litt skog på tomta, eg får gratis trim, og det er heilt klårt behageleg med stabilt låge utgifter til straum kvar månad.

Her er eit skjermbilete frå Tibber-appen frå januar i år som syner straumforbruket vårt kontra andre samanliknbare hus. Ikkje gale etter den kaldaste januar månad sidan 2010, med -15°C til -20°C store delar av månaden.



Spørsmål angåande vassboren varme med vedkjele - Screenshot_20210309-151537.png - Garegaupa
   #177
 77     0
Hei

Akkurat kommet opp fra kjelleren og fyrrommet Smile

Hvordan gikk det med effektiviteten på dine solfangere?



  (trådstarter)
   #178
 82     0
Hei

Akkurat kommet opp fra kjelleren og fyrrommet Smile

Hvordan gikk det med effektiviteten på dine solfangere?




Heisann! Smile

Den gjekk rett til vêrs, for å seie det slik! Wink No fungerer dei slik ein skulle forvente, og i periodar med mykje sol så held dei greitt unna i høve til både oppvarming og varmtvatn. Me klara vel mellom tre veker og ein månad på det lengste utan å fyre no i sumar.

Eg sjekka akkurat loggen eg fører, og sjølv med den kalde vinteren 2020-2021 (spesielt over nyår) så ligg eg per dags dato to pallar under fjorårets forbruk. Dette kan eg heilt klårt takke solfangarane for. Så dei er eit hyggjeleg supplement til vedkjelen. Smile
   #179
 22     Vestlandet     0
Hei, interessant prosjekt! Kan du gi en oppdatering på forbruk av ved i år og produksjon fra solfanger?
Jeg har lest igjennom tråden, men mulig jeg har gått glipp av noen detaljer så beklager hvis du har svart på dette allerede. Kan du si hvor i landet du bor med tanke på solforhold? Hva endte prisen på til slutt for anlegget bortsett fra varmedistribusjonen?