HSt
   #31
 37,783     Lillestrøm kommune     0
Tror du har fått svar av andre du ser ispluggen er ikke lang

  (trådstarter)
   #32
 2,987     Vestlandet     0
Det stikk kopararøyr off i sålen min, men eg meiner eg hugsa at røyret inn til huset var av plast. Eg skal grava opp rundt røyret utvendig å sjekka denne veka.

Inntakskabelen for straum eg og støypt ned i sålen hjå meg. Heldigvis var det lagt opp ny kabel bort til huset då eg drenerte, så den har eg fått lagt inn langs veggen. Skal få inn elektrikar til å kopla det om.

Det ser ut som eg kan få tak i stort set det eg treng av PEX røyr, gratis. Då treng eg kun riktige koplingar for å få kopla om vassrøyra midlertidig.

Kva gjer er med VVtanken medan eg held på i kjellaren? Tømmer den og monterer den opp på veggen midlertidig medan eg held på?


For meg verkar det som å planleggja og gjera klarrt til dette prosjektet eg vanskelegare enn sjølve arbeidet.
Signatur
  (trådstarter)
   #34
 2,987     Vestlandet     0
1. etasje hadde nok vore best. Men eg har dessverre ingen plass å gjera av den. Eg kan nok setja den o garasjen ved kjellaren. Det vert nesten 20m røyr til kjøkkenvasken, men det får gå.

Eg fann vassrøyret inn til huset. Det ligg kun 20cm under grusen ved kjellardøra. Det er 21mm plastrøyrsom går inn under sålen. 
Siste redigering: Thursday, February 20, 2020 4:45:07 PM av Komlo
Signatur
  (trådstarter)
   #35
 2,987     Vestlandet     0
I dag har eg fått rydda vekk ein del material i frå garasjen og stabla dei ved husveggen under presenning. Litt rydding gjenstår, så er det klart til å flytta alt rot frå kjellaren inn i garasjen.

Eine naboen meiner eg og han er dei einaste to på eine koplinga i kummen nedenfor tomta. Det vil vera ein fordel, så slepp eg varsla heile nabolaget og stenga for fleire hus.
Ein anna nabo meiner eg sannsynlegvis er ein av to som har eige røyr og krane for stenging i kummen. Det vil vera endå større fordel, då treng eg ikkje montera stoppekran ute.

Eg går fortsat fram og tilbake når det gjeld planløysinga for kjellaren. Plassering av soveromma og bad er avgjort. Det eg er usikker på er romløysinga op badet, og om eg skal kombinera det med vaskerom, eller nytta ei bod til kombinert teknisk/vaskerom
Signatur
   #36
 227     Trøndelag     0
Jeg har gjort noenlunde det samme som deg, valgte å bruke avrettingsmasse på 100 kvadrat.
ble lagt 4-5cm  som kom med pumpebil, ble dyrt men sparte 5cm i høyden
  (trådstarter)
   #37
 2,987     Vestlandet     0
Jeg har gjort noenlunde det samme som deg, valgte å bruke avrettingsmasse på 100 kvadrat.
ble lagt 4-5cm som kom med pumpebil, ble dyrt men sparte 5cm i høyden

Du har kun 4 - 5cm avrettingsmassei golv? Ikkje noko betonglag i tillegg?
Eg ønskjer sjølvsagt så lav byggehøgd p golvet som mogleg. Planen var 7cm betong. Ein kamerat som jobber med betong meinte det ville vera paseleg.
Signatur

  (trådstarter)
   #38
 2,987     Vestlandet     0
Har i dag fått gjort noko i førebuinga til utgravinga.

Eg har fått rydda ferdig plass til å oppbevara alt rotet frå kjellaren medan eg held på der. Godt å få gjort.

Eg har meisla opp eit lite hol til for å dobbelsjekka om bereveggen i leca som går midt i kjellaren går under betongsålen, eller kviler oppå denne. Bereveggen går ned under betongsålen. Dette er godt nytt for meg, då det sparer meg for understøyping. MEN, såvidt eg kunne sjå stikk underkant av berevekk kun 30 - 32cm under overside av betongsåle, ikkje 37cm, slik som på grunnmur. Bereveggen har heller ikkje noko tydeleg bankett, slik som gunnmur. Dette er dårleg nytt for meg, då det avgrensar utgravinga og takhøgd med 5cm i forhold til det eg hadde tenkt, viss eg vil unngå understøyping. I fælje byggeteikningane til huset, skal derimot denne veggen stikka like djupt som grunnmur.

Etter to hol i kjellargolvet og graving rundt huset er eg 95% sikker på at det er greie massar å hanskast med under. Stort sett sand, grus og mindre stein i storleik frå knyttneve opp til vannmelon og kanskje ein og ana i kvitevare-storleik. Massane skal altså gå an å få ut utan fjellboring og kiling. Dette var eit godt teikn.

Eg oppdaga fukt i sanden/grusen nedst. Ikkje vått, men fuktig. Eg kunne ikkje kjenna at sanden var væt, men eg kunne heilt tydeleg sjå at den var mørkare lenger nede. No har det vore heilt vannvittig med nedbør og vått her i lang tid, så det er nok heldigvis ikkje verre enn dette andre tider av åretl :ikevel var dette dårleg nytt.

Eg har grevd litt meir på utsida av huset og fann det ekte vassrøyret inn til huset. Det eg fenn tidlegare ser ut til å vera straumkabelen inn til huset. Det kunne vorte spanande å kutta den:). Inttaksrøyret for vatn ligg saman med avløp og straum, kun 20 - 25cm ned u pukken. Det er 32mm plastrøyr som er isolert. Eg var nedi eine kummen nedenfor tomta å kika. Det viste seg at eg har eit eige gren med med stoppekran der. Eg treng altså ikkje stressa med å få montert utvendig stoppekran, men heller berre stenga det i kummen når eg held på. Det er ei bekymring mindre. Dette var absolutt positivt. Eg vart overraska over å ha slik flaks.

Det ser litt lysare ut.

Bilete av hol i kjellar og vassrøyr
Komlo skal grava ut av kjellaren sin - DSC_1088.JPG - Komlo

Komlo skal grava ut av kjellaren sin - DSC_1089.JPG - Komlo
Komlo skal grava ut av kjellaren sin - USER_SCOPED_TEMP_DATA_MSGR_PHOTO_FOR_UPLOAD_1582557158246.jpeg - Komlo

Komlo skal grava ut av kjellaren sin - DSC_1090.JPG - Komlo

Signatur
TDJ
   #39
 1,649     Asker      0
Eg oppdaga fukt i sanden/grusen nedst. Ikkje vått, men fuktig. Eg kunne ikkje kjenna at sanden var væt, men eg kunne heilt tydeleg sjå at den var mørkare lenger nede. No har det vore heilt vannvittig med nedbør og vått her i lang tid, så det er nok heldigvis ikkje verre enn dette andre tider av åretl :ikevel var dette dårleg nytt.

En liten observasjon fra egen kjeller-utgraving;
Gjorde en rekke "prøve-gravinger" 4-5 forskjellige steder i (kryp-)kjelleren før full utgraving for å kartlegge både fjellformasjoner og fukt/vann. Brukte også spettet 10 - 15 steder i tillegg for å kartlegge dybde og eventuell fukt.
Ble klart at det var "fuktig" i grunnen ved at tilbakefylt løsmasse (stein, sand, jord...) var "mørk" og fuktig.

Lenge etter utgraving og etablering av kjeller kan jeg konstatere at denne observerte "fukten" kan utgjøre opptil 1200 l/time i vanntilsig... ShockedShocked  (målt på gangtid på grunnvannspumpen). Er som en veritabel elv til tider.... Det aller meste av vannet kommer ut fra sprekker og glipper i fjellet (granitt).

Hvordan/hvorfor endret det seg fra litt "fuktig" jord til en elv...?
Svaret er enkelt; ved å fjerne alle løse masser i kjelleren minsker motstanden vannet møter radikalt; i "luft" renner vannet fritt. I komprimert jord, sand  o.l. må det nesten diffundere seg fram, tar mye lengre tid. Dette er av betydning dersom vanninntrengningen skyldes ytre forhold (nedbør osv) og IKKE lokal grunnvannstand. Å fjerne masse fra en slik kjeller er nesten som å grave en grøft for å lede vannet INN i kjelleren... Sad.

(Hos meg hadde dette ingen praktisk betydning siden det allerede var bestemt å gå for pumpebrønn i kjeller. Pumpe tar forøvrig opp til 15 000l/time, så har mye å gå på.. Laughing.

Men, moralen i dette er; dersom en skal fjerne løsmasse i en kjeller OG det er tydelige tegn til fukt; grav gjerne noen litt større hull og "kanaler" (gjerne i ved eller i nærheten der enn tror vannet kommer inn)  og observer gjennom kraftige nedbørs-perioder hvordan vannet oppfører seg.  Fylles hullene opp relativt kjapt, vil dette også skje i resten av en utgravd kjeller.


 
Signatur
  (trådstarter)
   #40
 2,987     Vestlandet     0
Nei nei nei, TDJ! No fortel du meg jo akkurat det eg ikkje vil høyra! Men takk for tilbakemelding. Eg får fjerna alt rotet i kjellaren og ta nokre større hol mot grunnmuren på oppsida av huset. Eg drenerte rundt huset for 2 år sidan. Det var, som vanleg, ein våt sommar. Det vart ikkje liggjande vatn i gtøfya, verken før eller etter drensmassar og røyr. Dreneringsgrøfta er gravd lågare enn underkant grunnmur. Men huset står i eit "vått" område, med bekkar på kvar side av huset og diverse oppkome av vatn frå grunnen rundt om. Absolutt godt tips å sjekka dette betre.

Den pumpa di er gravd ned i ein form for brønn under sålen på huset. Har du gravd ned grøfter/røyr som leder til pumpa?
Signatur